Bok om Henrik Kaarstad og Volda lærarskule

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Henrik Kaarstad var seminarist frå Stordøens seminar og var representant for den kategorien lærarar som vart kalla vestlandslærarane. Den typiske vestlandslæraren var småbrukarson frå Nordvestlandet og hadde teke utdanning ved lærarskulane i Volda eller på Stord frå slutten av førre hundreåret til nokre tiår inn på nittenhundretalet. Han var oppteken av kristendom, norskdom og fråhaldsak, og høyrde politisk heime i Venstre. Som gardbrukarson tok han med seg interessa for gardsdrift og fekk seg gjerne ein lærarpost der eit småbruk høyrde med.

Alt dette høver på Henrik Kaarstad. Men han dreiv det lenger på dei ulike områda enn vestlandslærarar flest. Han vart eigar og styrar for ein lærarutdanningsinstitusjon og kom sjølv til å forme mange vestlandslærarar. Dessutan vart han ein av dei fremste lekmannshovdingane på Vestlandet og ordførar for Venstre.

I denne rapporten fylgjer vi Henrik Kaarstad frå oppveksten på småbruket i Utvik, ser på korleis han vart forma i barndoms- og ungdomsår, og korleis han gjennom livet arbeidde for det han trudde på og dei resultata han nådde.


Kaarstad

Forskingsrapport nr 36:
Henrik Kaarstad og Volda lærarskule
Ein vestlandslærar og livsverket hans

Du får den i Haugen Bok i Volda. Tlf: 70 07 45 00 Faks: 70 07 45 50. E-post: ekspress@haugenbok.no

Del på