Nytt blikk på Palestina og Israel

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Ei fersk bok går djupare i historia til det konfliktfylte episenteret i Midtausten. I Volda finn vi ein av forfattarane, professor Inger Marie Okkenhaug, som ser fram til mottakinga av arbeidet.

Historien om Palestina og Israel i moderne tid (Novus forlag) er tittelen på den nye boka til professor Inger Marie Okkenhaug ved Høgskulen i Volda (HVO) og professor Jens Johan Hyvik ved Universitetet i Søraust-Noreg.

– Vi begynte å samarbeide om å skrive fordi vi såg behovet for ei slik fagbok på norsk, fortel Okkenhaug.

I boka, som blir pensum i mellom anna HVOs masterutdanning Kulturmøte, følgjer vi utviklinga i det palestinske samfunnet frå tiåra før 1900-talet, og historia til dette geografiske området, fram til vår tid.

  • Les meir om forsking ved HVO her.

Før og etter opprettinga av Israel

Forfattarane har teke føre seg kvar sin tidsbolk. Hyvik har skrive om tida etter 1948, då staten Israel blei oppretta i ei definerande brytningstid for regionen, medan Okkenhaug har skrive seg fram til 1948 og undersøkt dei bakanforliggjande årsakene til det som skulle tvinge seg fram.

Sjølv fatta Okkenhaug interesse for temaet i studietida i Bergen. Ein god professor i Midtausten-historie motiverte henne til bachelorgrad på feltet og seinare hovudfagsoppgåve om høgresionisme, som ho mellom anna jobba med i den israelske byen Haifa.

 – Så blei det doktorgrad om palestinarar og kvinner og utdanning innanfor det britiske systemet som fanst i Palestina før 1948. Det var rett og slett interessa for området som førte meg vidare, seier Okkenhaug, som har gitt ut fleire bøkjer og ei rekkje artiklar om Midtaustens historie.

Måtte setje punktum medan konflikten eskalerte

I boka har Hyvik og Okkenhaug prøvd å femne om både israelsk og palestinsk historie med ein lengre tidsperiode og ei vidare tematisering enn ved tradisjonelle avgrensingar. Slik ønskjer dei å fremje ei djupare forståing av endringsprosessane i området og kampen mellom den jødiske og den palestinske nasjonsbygginga før og etter staten Israel blei oppretta i 1948, samstundes som Palestinakrigen (eller den første arabisk-israelske krigen) blir utkjempa i ulike fasar.

– Det er viktig for oss å få fram bakgrunnen for det som skjer i 1948. Det blir heile vegen ein nasjonalistisk motivert kamp om landområde som framleis er kjernen i konflikten i dag. Vi kan ikkje forstå den grunnleggjande konflikten mellom Palestina og Israel ut frå religion, anna enn at dette er ein viktig symbolsk stad for mange, forklarer Okkenhaug.

Det tek tid å skrive ei bok, og manuset var allereie ferdigstilt før det skjebnesvangre Hamas-angrepet 7. oktober 2023 og dei påfølgjande lidingane på Gaza. Forfattarane har i forordet skissert dei nyare og pågåande hendingane, men måtte setje eit punktum for å kunne fullføre boka.

– Vi bestemte oss for at vi ikkje kunne gå djupt inn i det som no skjer, i denne boka. På eitt vis er det ei forlenging av det som har skjedd tidlegare, sjølv om dette her både er mykje meir brutalt og blir formidla tettare på oss enn før, gjennom blant anna unge augevitne på nettet, seier Okkenhaug.

Ein blir sjølvsagt slått av kor urettferdig situasjonen er, og det er vanskeleg å ikkje bli farga av det – men dette må ikkje gjere at ein som historikar ikkje klarer å gå inn og verkeleg prøve å skjøne dynamikken i det som føregår.

HVO-professor Inger Marie Okkenhaug

Drivkrafta er å forstå

I dei første kapitla tek boka mest kronologisk føre seg

  • Palestina under osmansk styre (ca. 1870–1918)
  • det første tiåret under britisk mandatstyre (1919–1929)
  • sionistisk statsbygging og aukande palestinsk motstand (1929–39)
  • auka jødisk immigrasjon og palestinske opprør (1929–1939)
  • borgarkrig, FNs delingsplan og krigen om Palestina (rundt andre verdskrigen)

Dei to siste kapitla følgjer høvesvis Israel og Palestina kvar for seg etter 1948. Boka løftar her perspektiva på kvar side av mellom anna seksdagarskrigen i 1967, intifada og okkupasjon, Oslo-avtalen i 1993 – og mykje, mykje meir.

Korleis klarer ein å avgrense seg og formidle objektivt når ein skal skrive bok om eit så innfløkt og omstridd tema?

– Det er inga historie som er nøytral. Vi har jo alltid med oss tida vi lever i, og kvar vi kjem frå. Samtidig er vi begge erfarne historikarar som har jobba med andre vanskelege tematikkar, så dét hjelper. I tillegg har vi sjølvsagt hatt fagfellar, andre historikarar med stor kunnskap om Midtausten, som har lese undervegs, og det er veldig viktig, understrekar Okkenhaug.

Drivkrafta er enkelt og greitt ønsket om å kome til botns i det komplekse bakteppet.

– Ein blir sjølvsagt slått av kor urettferdig situasjonen er, og det er vanskeleg å ikkje bli farga av det – men dette må ikkje gjere at ein som historikar ikkje klarer å gå inn og verkeleg prøve å skjøne dynamikken i det som føregår.

Inger Marie Okkenhaug
Forfattar Okkenhaug håpar den nye boka kan nyansere biletet av Israel–Palestina-konflikten.

Vil løfte nyansane og det vestlege ansvaret

Forfattarane ønskjer også å få fram sider ved samfunnet i Palestina som vi lett mistar av syne.

– Mange trur fort at konflikten botnar i irrasjonell religiøs fanatisme i Midtausten. Men før konflikten tek over her, er det eit samfunn som gjennomlever store økonomiske og sosiale endringsprosessar, der arabarar og jødar samhandlar økonomisk og kulturelt, og der middelklassen – den arabiske så vel som den jødiske – føretrekkjer dei same utdanningsinstitusjonane for barna sine.

Med krigen rundt 1948 blir kampen om sjølvstende den forteljinga som dominerer, forklarer Okkenhaug vidare.

– Nyansane og til dømes kvinnene sine rettar forsvinn, medan dei nasjonale narrativa blir dominerande. I boka prøver vi å løfte fram kva som fanst før dette.

Korleis håpar du boka blir lesen?

– Vi håpar folk får ei forståing av korleis verdssamfunnet har eit betydeleg ansvar for konflikten. Ikkje minst kolonimaktene Storbritannia og Frankrike frå rundt tidleg 1900-tal: Då arabarane etter første verdskrig kom til fredsforhandlingane i Versailles og ønskte sjølvstyre, blei dei berre overkøyrde, fortel Okkenhaug.

HVO-professoren siterer her den amerikanske historikaren Elisabeth Thompson: «Vesten stal demokratiet frå arabarane.» Fleire tilløp til alternative løysingar på Palestina-spørsmålet opp gjennom tida har stranda i kvervelen til verdspolitikken.

– I demokratiseringa av Noreg var vi heldige, for vi var ikkje av interesse for stormaktene. Du kan tenkje deg sjølv om nokon hadde kome til oss og til dømes berre sagt: «Vi styrer her. De kan få lage nokre folkehøgskular.» Historia viser ein palestinsk middelklasse der både muslimar og kristne arabarar arbeidde for å modernisere det palestinske samfunnet. Mange var utdanna ved universitet i nabolanda eller Europa og ønskte å leve i fred for å kunne utvikle landet sitt potensial. Dei ønskte sjølvstyre – og det fekk dei ikkje anledning til å utvikle.

Del på