Motivert av å ha publisert

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Ti tilsette ved Høgskulen i Volda (HVO) publiserte vitskapleg for første gong i 2023. – Svært motiverande, seier stipendiat Tara Sapkota om å ha debutert med forskingsartikkel.

Det har blitt ein triveleg årleg tradisjon ved HVO: Forskarar som har oppnådd si første vitskaplege publisering i året som gjekk, frå alle faglege kantar av høgskulen, samlar seg for å få ei lita, men symboltung påskjøning.

Som takk for den solide innsatsen som ligg bak at dei har debutert vitskapleg med ein artikkel eller eit bokkapittel som gir publiseringspoeng, får alle ein unik kopp pryda av deira eige forskingsarbeid.

– Det ligg mykje arbeid bak desse publikasjonane, og det ønskjer vi å heidre med desse koppane. Den første publikasjonen er ofte den vanskelegaste, og vi er stolte over dei som no har oppnådd denne milepålen, seie forskingssjef Henriette Hafsaas.

Doktorgradsstipendiat Tara Sapkota er ein av dei ferske eigarane av ein personleg forskarkopp.

– Det var svært motiverande å få publisert sin første artikkel. Det gir meg kjensla av at eg har ein liten akademikar i meg, og at eg kan høyre heime i akademia om eg legg ein god innsats i det vitskaplege arbeidet mitt.

Tara Sapkota.
Tara Sapkota Stipendiat Høgskulen i Volda

Utfordrande å skrive, men fekk god støtte

Sapkota har hatt ein meir eksotisk veg inn i akademia enn mange: heilt frå Nepal til Volda.

– Eg flytta til Noreg som masterstudent i Oslo. Der høyrde vi mykje om den norske lærarutdanninga i diskusjonane med faglærarar og studentar, noko som gjorde meg nysgjerrig på å lære meir – og det var rett og slett dette som førte meg heile vegen til Volda, smiler ho.

I debuten er Sapkota førsteforfattar av artikkelen «Lower-secondary school teachers’ perceptions of professional development in university-school collaboration», med professor Siv M. Gamlem og førsteamanuensis Kim-Daniel Vattøy ved HVO som medforfattarar.

Artikkelen er del av ph.d.-avhandlinga ho skriv om blant anna samarbeidet som høgare utdanningsinstitusjonar og skular har om kompetanseheving for lærarar gjennom den nasjonale satsinga DeKomp.

Kva har du funne ut i artikkelen du har fått publisert?

– At grunnskulelærarar, særleg i ungdomsskulen, har varierande oppfatningar av kompetanseutvikling i den nye profesjonelle utviklingssatsinga. Samtidig indikerer ein del resultat også at samarbeidet mellom høgare utdanning og skular har positiv påverknad på ulike aspekt ved lærarane si profesjonelle utvikling.

Sapkota fortel at det mest krevjande ved arbeidet var å lære seg og å bruke ein kvantitativ metode for første gong i forsking.

– Det var verkeleg utfordrande, men eg har gode rettleiarar, som alltid har motivert meg og vore ei sterk fagleg støtte heile vegen.

Publisering er nøkkelen

Forskingssjef Hafsaas understrekar at publisering er alfa og omega for satsinga på forsking ved høgskulen.

– Vitskaplege karrierar blir bygde på vitskaplege publikasjonar, så det er viktig for HVO at tilsette kjem i gang med publiseringa – enten dei er stipendiatar som jobbar med eit doktorgradsprosjekt, eller høgskulelektorar som jobbar mot opprykk til førstelektor. Og så er det sjølvsagt viktig for dei som har fått publisert!

Den viktigaste ressursen for å publisere? Det er tid, seier Hafsaas – og i vår skreiv Khrono at HVO faktisk er den institusjonen innan høgare utdanning som har lagt opp til å gi høgskulelektorane sine mest tid til FoU (forsking og utvikling).

– Det er positivt at vi då får resultat i form av vitskapleg publisering frå høgskulelektorane. Samstundes har HVO relativt få professorar og dosentar, som er dei stillingane med mest FoU-tid, så samla sett kan vi få styrkt forskingsressursane med vidare satsing på meir toppkompetanse.

Forskingssjefen trekkjer også fram HVOs tilrettelegging med fleire ordningar som skal støtte den fagleg utviklinga til dei tilsette, som språkvask, førehandsvurdering av opprykkssøknader og forskingsgrupper.

Sterk historisk forsking i Volda

Høgskulen har også ein tradisjon med å heidre dei forskarane ved HVO som oppnådde flest publiseringspoeng i året som gjekk – dei fire på bileta ovanfor.

– Tusen takk for innsatsen med vitskapleg publisering, smiler forskingssjef Hafsaas til dei erfarne forfattarane, som får ein fargerik bukett for strevet.

Desse fire viser, innanfor kvar sine fagfelt, at historisk forsking tydeleg står sterkt ved HVO.

I den andre enden av forskingskarrieren står altså stipendiat og publiseringsdebutant Tara Sapkota. Med den ferske erfaringa gir ho følgjande råd til dei som ikkje har fått teke steget med å publisere vitskapleg enno:

– Det er ingen tvil om at å skrive ein vitskapleg artikkel er krevjande. Ein treng tolmod, fagkunnskap og emosjonell støtte for å ikkje miste motivasjonen i skriveprosessen, og mykje meir. Men det løner seg å prøve, å høyre på tilbakemeldingar og kommentar til arbeidet, og å halde fram arbeidet. Kanskje vi ikkje kan endre verda med ein artikkel, men vi kan bidra med perspektiv som kan vere til nytte. Kven veit! seier debutanten med eit smil.

Desse frå HVO debuterte med vitskapleg publisering i 2023:

Desse frå HVO oppnådde flest vitskaplege poeng i 2023:

Del på