Doktordisputas

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Roar Amdam disputerer fredag 18.12.98 på Norges landbrukshøgskole for doktorgraden i landbruksvitskap (dr. agric.). Tittelen på avhandlinga er: Strategisk næringsplanlegging i dynamiske regionar. Opponentar ved disputasen er professor Jan-Evert Nilsson og professor Erling Berge. Torsdag 17. desember held Amdam sine to prøveforelesingar. Førelesinga med det sjølvvalde emnet har fått tittelen: Lærande regionar og regional planlegging. Det oppgitte emnet er: Teorien om kollektiv handling i lys av kommunikativ rasjonalitet - eksemplifisert med lærande regionar. Vi gratulerer med godkjent avhandling, og ønskjer lukke til med prøveførelesingar og disputas.

- rektor

Del på