Forskingsdagane 98

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Høgskulelektor Peder Bergem:
Henrik Kaarstad som entrepenør: den fysiske utbygginga av Volda lærarskule i Kaarstadtida (1895-1927)
Tar utgangspunkt i bygningshistoria til Volda lærarskule. Om utviklinga frå Gamleseminaret, via Nyeseminaret, til Kaarstadhuset.
Tysdag 22.9. kl. kl. 17.00-19.00.
Berte Kanutte-huset, vesle auditorium BK-159

Førsteamanuensis Katrin Lunde:
Eksperimentell metode i språkvitskapen
Det vert fyrst gjeve tre døme på eksperimentelt arbeid om språk, utført av kognitive psykologar. Dei slutningane ein kan dra på grunnlag av resultata er slik at dei må endre rådande språkvitskapleg teori. Det fylgjer ein kort omtale av eksperimentell metode. Til sist vert endå eit eksperimentelt arbeid referert, utført blant Maya-indianarar. Resultata herifrå stadfester resultata frå dei tre fyrst nemnde arbeida.
Tysdag 22.9. kl. 18.00-19.00.
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-158

Førstelektor Reidun Aambø:
Norsk sett med eit utanlandsk perspektiv
Erfaringar frå undervisninga av utanlandske studentar ved HVO der om lag 50 ulike statar har vore representerte. For å seie noko om korleis det er for dei framandspråklege å møte den norske uttrykksmåten, vil eg samanlikne med visse trekk i nokre av dei språka og kulturane som dei utanlandske studentane representerer. Det kan vere lett å finne morosame feil når utlendingar skriv og snakkar norsk, men det er òg døme på at dei kan uttrykke seg meir grammatisk korrekt enn nordmenn. (Dette blir inga gramatikkførelesing)
Tysdag 22. 9. kl. 19.00-20.00.
Berte Kanutte-huset, seminarrom 157

Førsteamanuensis Jon Olav Myklebust:
Vestlandslæraren - nye roller i nye tider
Om lærarinnsats i kor og korps, i fotball og forkynning. Ei undersøking av lærarkull som i ulike tiår har fått utdanninga si i Volda og på Stord.
Tysdag 22.9. kl. 19.15-20.15.
Berte Kanutte-huset, vesle auditorium BK-159

Amanuensis Magnar Hjertenæs:
Frå vikingtokt til helsestasjon - manndomsprøver for nordiske menn
Den store manndomsprøva for menn i nittiåra består i å bevege seg inn i kvinnebastionar som venterommet på helsestasjonen og foreldremøtet i barnehagen.
Tysdag 22.9. kl. 20.30-21.30.
Berte Kanuttehuset, vesle auditorium BK-159

Del på