Forskingsdagane, torsdag 24. september

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Høgskulelektor Eivind Indresøvde:
Korleis lærar studentar å lære?
Undersøking av ei gruppe lærarstudentar gjennom fire studieår. Sentrale spørsmål har vore knytte til meistring av studiet og til utvikling av synet på læring.
Torsdag 24.9. kl. 17.00-18.00.
Berte Kanutte-huset, vesle auditorium BK-159

Høgskulelektor Nils Olav Brekke:
Individualitet, konformitet og mormonar: ei kirke og samspelet med samfunnet.
Om det amerikanske samfunnet og mormonane. Eg kjem til å ta føre meg sentrale hendingar i USA som var med på å forme Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige til det den er i dag. Vidare kjem eg til å diskutere den kulturen som verkar i kyrkja i dag, sette den inn i ein amerikansk samanheng, vise korleis delar av denne kulturen har klare amerikanske røter, og også påvise delar av kulturen som ikkje vert akseptert i stor grad i USA. Til slutt kjem eg til å sjå på den framveksten denne kyrkja har hatt i USA og prøve å forklare det eg ser som dei sentrale grunnane til framveksten.
Torsdag 24.9. kl. 18.00-19.00.
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-157

Amanuensis Torill Mortensen:
Dataspillerens sjonglering med fragmenter av fortellingene: om dataspill og spillerens egenaktivitet
Ein presentasjon av nokre ulike typar dataspel og korleis dei kan sjåast i ein større samanheng som “litterært fenomen” og som kulturuttrykk blant ungdom.
Torsdag 24.9. kl. 18.30-20.30.
Berte Kanutte-huset, vesle auditorium BK-159

Høgskulelektor Torbjørn Urke:
Å finne fram på stjernehimmelen
Kvar er Orion og kvar er Julestjerna? Demonstrasjon av ein nyutvikla planisfære med norske stjernenamn. «Førstehjelpskurs» for nybegynnarar, barn, unge og familiefolk som har interesse av å finne fram på stjernehimmelen ved hjelp av stjernekart (planisfære)
Torsdag 24.9. kl. 19.15-21.15.
Berte Kanutte-huset, seminarrom BK-157

Del på