Internt forskarseminar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Michael Bakhtin er ein litteraturforskar som har hatt svært mykje a seia i vårt århundre. Han utforma teorien om den polyfone romanen, og ein teori om karnevalet, som bl. a. Kjartan Flogstad har gjort seg til talsmann for. Bahktin er også blitt lesen og brukt av temmeleg ulike retningar, frå formalisme/strukturalisme til marxisme og som kritikar av nettopp marxismen. Vitskapsteoretisk er teoriane hans interessante ved at dei problematiserer idealet om eintydige, heilskaplege tolkingar, og dermed stiller seg i kontrast til eldre former for hermeneutisk teori.

Ronald Fangen har for ettertida blitt ståande som ein forfattar knytt til Oxford-rørsla, amerikansk vekkingsrørsle som seinare vart omforma til Moralsk Opprustning. Dette har gjort at ein ofte har lese bøkene hans som eintydige appellar for eit kristent standpunkt. Ved a lesa Fangen opp mot Bakhtins teoriar, kan ein kanskje få auga på trekk ved forfattarskapen som er mindre eintydige enn det den mest brukte lesartradisjonen vil ha det til. I den grad det kan påvisast ein polyfoni eller noko mangtydig og fleirstemt i bøkende hans, vil det også kunna brukast til a demonstrere skilnader mellom Fangen og t.d. Kiellands realistiske romanar, og dermed seia noko om brotet med den tradisjonelle realismen i vart hundreår.

Bakhtin er ein epokegjerande litteraturforskar
Fangen er ein betydeleg forfattar
Innleiaren er ein enkel mann frå landet.

Del på