Jubileumsbok

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Utdanning i journalistikk og mediefag i Volda kom i gang ved Møre og Romsdal distriktshøgskule i 1971. Gjennom eit kvart hundreår har medieutdanningane i Volda vakse og utvikla seg til å bli mellom dei største i landet.

Det har funnest både motvind og motbakkar. Nokre tvila nok på at tiltaket skulle lukkast, på ein liten utkantstad langt frå dei store miljøa. Men kvart år melder nye flokkar av søkjarar seg frå heile landet til kamp om studieplass. Og nye kull reiser ut og finn seg arbeid. Nokre vil bli kjendisar, men dei fleste finn vi i meir kvardagslege roller i medie-verksemdene landet rundt.

Denne boka er skriven av tilsette og tidlegare studentar, som kvar på sin måte prøver å oppsummere dei 25 første åra. Det er ei blanding av nye faglege arbeid, seriøse og useriøse attersyn, kombinert med anekdotar frå dette kvarthundre-året. "Medielinja i Volda" i Volda er eit lite stykke av norsk mediehistorie.



Del på