Ny forskingsrapport om spesialundervisning

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Forskingsrapport nr. 32
ISBN 82-7661-084-6
ISBN 82-7692-113-2
ISSN 0805-8083
1998. 321 s.

Peder Haug:

Myrlandet
Spesialundervisning i grunnskulen 1965 - 1991

Rapporten drøfter følgjande spørsmål: Kva er bakgrunnen for og innhaldet i den offentlege politikken som gjeld spesialundervisning i grunnskulen, og kva resultat har ein nådd? Studien er konsentrert om perioden 1965-1991. Då var den offentlege debatten om spesialundervisning intens, og politikken som framleis gjeld vart utvikla og vedteken.

Kjeldematerialet er studiar av offentlege innstillingar, stortingsdokument, debattar i Stortinget, andre offentlege dokument og debattane om spesialundervisning i dei viktigaste fagtidsskrifta og i tre av dei største landsdekkjande avisene.

Studien konkluderer med at på læreplannivået er det intensjonar om ein inkluderande og felles skule for alle. I denne skulen skal alle ha undervisning etter evner, interesser og føresetnader utan å verte stigmatiserte, marginaliserte eller segregerte. Ser ein derimot heile politikken som gjeld spesialundervisning og undervisning under eitt og i samanheng, er han prega av usemje og motsetningar. Det gjer intensjonane uklare. Dette verkar inn både på forståinga og realiseringa av spesialundervisninga. Det har fått konsekvensar for den støtte som er gitt til å utvikle den inkluderande skulen. Den støtta har ikkje vore så samordna og omfattande som den skulle ha vore for å bryte dei etablerte mønstra som finst i grunnskulen for undervisning og spesialundervisning. Dermed har gjennomføringa av undervisninga i grunnskulen i relativt stor grad halde fram i historiske etablerte og segregerte spor.

Peder Haug er høgskuledosent i pedagogikk ved avdeling for lærarutdanning, Høgskulen i Volda og forskingsleiar i Program for spesialpedagogisk kunnskaps- og tiltaksutvikling i Norges forskningsråd.

Pris: kr 240.

I tillegg til prisen kjem porto. Ordre over kr 300 blir sendt fraktfritt.

Send ordreslippen til:
Haugen Bok, 6100 Volda. Tlf. (ISDN): 70 07 45 00, faks: 70 07 45 50,
e-post: haubok@online.no

Del på