Nytt frå forskingssektoren

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Torill Mortensen har fått treårig doktorgradsstipend frå Norges forskingsråd. Tittelen på prosjektet er Den digitale sjongløren - interaktivitet, indre aktivitet eller intertekstualitet. Søknaden frå Torill har passert eit svært trongt nålauge innanfor programmet Samfunnsmessige og kulturelle forutsetninger for informasjons- og kommunikasjonsteknologi (SKIFT). Prosjektet tar sikte på å avdekkje kva kompetanse som er nødvendig for å beherske utfordringane frå computermediets spesielle tekstar. Hovudtesen er at bruk av dataspel framelskar andre eigenskapar hos brukaren enn det som vanlege tekstar gjer. Viktige eigenskapar som dataspela trenar brukarane i er simultankapasitet, søk i store mengder informasjon, prioritering og konsentrasjon. Vi gratulerer Torill med stipendiet.

Forskingsrapporten Evaluering av skolepakken LEV VEL. En kartlegging av bruken av underviningsmateriale LEV VEL i grunnskolen i Norge 1997 som Ronald Nolet og Eldrid Digernes har skrive, har fått stor merksemd i media. I Aftenposten 10.3 var rapporten grunnlag for oppslag både på første og tredje side. Desse oppslaga blei seinare følgt opp i andre media utover dagen. Journalistane har fatta interesse for det rapporten seier om kriminalitet i grunnskulen. Det Aftenposten har merka seg er at halvparten av norske skular har registrert kriminell aktivitet blant elevar frå 1. til 10 klasse. Dei framhevar vidare at det ser ut til at skilnaden mellom by og land er i ferd med å bli utviska. I dagsnytt atten var Ronald med i førsteoppslaget saman med mellom andre Helga Hjetland frå Norsk Lærarlag. Innfallsvinkelen her var om det er skulen som sviktar.

Prosjektet Utdanning som nasjonsbygging der Sveinung Vaage er prosjektleiar, har fått melding frå Norges Forskingsråd om at løyvinga er auka med ein million. Den nye løyvinga skal går til eit treårig doktorgradsstipend til Nina Volckmar. Totalramma for prosjektet over fem år er no omlag 3, 7 millionar kroner. I tillegg til Sveinung er Reidun Høydal og Oddbjørn Melle knytt til prosjektet, som elles har medarbeidarar ved Høgskolen i Lillehammer, Institutt for samfunnsforsking i Oslo og NTNU i Trondheim.


- rektor

Del på