Nytt notat i skriftserien

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

INSTIT : Møreforsking Volda, MFV
INSTIT : Høgskolen i Ålesund, HiÅ
Avdeling for helsefag og biologiske fag
FORF : Båtevik, Finn Ove. Møreforsking Volda, MFV
MEDFORF: Skårbrevik, Karl Johan. Avdeling for helsefag og biologiske fag, Høgskolen i Ålesund, HiÅ
TITTEL : Studie- og yrkeskompetanse for fleire? : første delrapport frå
evaluering av eit nasjonalt utviklingsprosjekt
STED : Volda
UTGIV : Møreforsking Volda
SIDEREG: 37 s.
ISSN : 0805-8075
SERIE : Notat / Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda
ÅR : 1999
HEFTE : 4/99
TILGANG: Haugen Bok, 6100 Volda

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sette i 1998 i
gang prosjektet Mot studie- og yrkeskompetanse for ungdom med
funksjonshemming. Prosjektet går over tre år. Det er i alt tre fylke
som skal stå for utviklingsarbeidet i prosjektet. Møreforsking skal i
oppdrag frå departementet evaluere dette arbeidet. Dette notatet er
første rapportering frå evalueringa. Notatet er basert på eigen
statusrapport frå prosjektleiinga i dei tre fylka, aktuelle dokument
frå prosjekta og vitjing ved skolane og opplæringskontora som er
knytte til prosjektet. Prosjektansvarlege i fylka og på skolane fekk
dessutan eit tidleg utkast av notatet for eventuell korrigering av
faktiske feil og manglar. Prosjekta er i ein utformingsfase. Notatet
er såleis ein første presentasjon av dei fylke, skolar,
opplæringskontor, elevar og lærlingar som skal delta i prosjektet.
Det blir presentert ein del informasjon om kva bakgrunn fylka,
skolane og opplæringskontora har i arbeidet retta mot målgruppa til
prosjektet. Notatet gjev også eit bilete av dei planar og tankar ein
har for prosjektet så langt i dei tre fylka.

Del på