Ordbog over det norske Folkesprog

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Ordbog over det norske Folkesprog (1850) av Ivar Aasen er den første ordboka over norsk språk som byggjer på systematisk innsamla materiale. Saman med Det norske Folkesprogs Grammatik (1848, ny utgåve 1996) er ordboka ein grunnstein både for norsk språkvitskap og for den nynorske skrifttradisjonen. Boka kom i ny og auka utgåve i 1873 (Norsk Ordbog).

Ordbog


Ordbog over det norske Folkesprog er ei svært rik kjelde til kunnskap om norske dialektar, norske ord og norsk ordgeografi på 1800-talet. Ordboka kom i eit opplag på 500 og var utseld etter fire-fem år. Sidan har denne utgåva ikkje vore å få.

Den nye utgåva har moderne typografisk utstyr. All tekst er endra frå fraktur til moderne latinsk skrift. Tillegg og rettingar som i førsteutgåva står bak i boka, er sette inn i ordartiklane på alfabetisk plass.

Ordbog over det norske Folkesprog har ei fyldig fagleg innleiing, der første delen er eit historisk oversyn, med hovudvekta på Aasens arbeid med manuskriptet i åra 1848-50. Deretter følgjer ei utgreiing om typografien i 1850-utgåva. Til sist gjer utgjevarane detaljert og med døme greie for typografi, rettingar og justeringar i den nye utgåva.

Om utgjevarane
Kristoffer Kruken (f. 1950), frå Leksvik i Nord-Trøndelag, er førsteamanuensis i norsk språk ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, Seksjon for namnegransking, Universitetet i Oslo. Han er ein av landets fremste personnamngranskarar og har m.a. gjeve ut Norsk personnamnleksikon (1995, 2. utgåva ved Kristoffer Kruken) og Ivar Aasen: Norsk Navnebog (ny utgåve 1997, saman med Terje Aarset).

Terje Aarset (f. 1945), frå Vartdal på Sunnmøre, er førsteamanuensis i norsk språk ved Nordisk institutt, Høgskulen i Volda. Han har siste åra arbeidd mest med å gje ut uprenta manuskript av Ivar Aasen (saman med Jarle Bondevik og Oddvar Nes). I 1996 gav han ut Ivar Aasen: Det norske Folkesprogs Grammatik i ny utgåve og året etter Norsk Navnebog (saman med Kristoffer Kruken).

Sjå også:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=402
---

Det Norske Samlaget
ISBN 82-521-5567-7

Del på