Publikasjonar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Når det gjeld publikasjonar er denne dagen litt av ein merkedag. I dag legg nemleg Terje Aarset og Ragnar Standal fram Annotasjonsboka av Hans Strøm frå 1756-59. Denne boka har ikkje vore gitt ut tidlegare, men låg føre som eit manuskript som har vore utilgjengeleg for dei fleste. Eit mangeårig arbeid og slit med manuskriptet ligg bak denne første trykte utgåva av ei viktig tekst frå vår historie. Vi gratulerer Terje og hans medarbeidarar.

Peter Hallaråker har i «Nytt om namn» publisert ein artikkel som omtalar eit forsøksopplegg i stadnamn for norsk mellomfag som er gjennomført ved HVO. Namnegransking med vekt på stadnamn ved Høgskulen i Volda.

Det blir meldt frå Universitetsforlaget at Peter Hallaråker si bok Innføring i stadnamn er nesten utseld, og vil bli trykt i nytt opplag.

Per Halse har i Tidskrift for Teologi og Kirke nr.3/97 publisert artikkelen, Jesu død hjå Lukas. Eit forskingshistorisk oversyn.

-rektor

Del på