Radiojournalistikk mellom teknikk og politikk

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Ketil Jarl Halse:
Radiojournalistikk mellom teknikk og politikk
Dei første radioåra

Rapporten handlar om radioens barndom. Etter ein kort presentasjon av den tekniske utviklinga som la grunnlaget for radioen som massemedium og
etableringa av dei første kringkastingsselskapa, er det lagt vekt på
regulering, organisering, ulike former for finansiering og politisk
kontroll med radiomediet. Innanfor desse rammene blir radioen tildelt
viktige oppgåver: britisk «public service», amerikansk «public interest» og norsk «kulturfaktor».

Det er lagt spesiell vekt på utviklinga i Norge, men rapporten inneheld
også ein presentasjon av utviklinga i USA, Storbritannia, Sverige og
Danmark. Vi ser korleis radiojournalistikken finn sin plass, i kamp mot
avisinteressene som meinte dei hadde «eigedomsretten» til
nyheitsjournalistikken, og i strid - og samspel - med sentrale
samfunnsinteresser: politiske, religiøse og kulturelle. Rapporten gir eit bilde av program og programpolitikk - og programkritikk dei første radioåra.


Arbeidsrapporten (nr. 61) kostar kr. 130,-

Du får den i Haugen Bok i Volda. Tlf: 70 07 45 00 Faks: 70 07 45 50. E-post: ekspress@haugenbok

Ketil Jarl Halse er amanuensis ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.


Del på