Seminar og utstilling: "Little boy of Hiroshima"

- For å forstå utvikling, tankesett og samtida i Japan, kan ein ikkje gå utanom påverkinga av atombombene og dei verknader dette har hatt, fortel Tengyo Kura, lærar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Han er initiativtakar til seminar, konsert og utstilling om Hiroshima ved høgskulen i september. Miyoko Matsubara er ei av dei siste overlevande etter Hiroshima, og ho vil halde eit av foredraga i seminaret.

Atombomba i Hiroshima. Seminar og utstilling i Volda 10. - 11. september 2008.

- Vi er takksame for at ei av dei siste overlevande frå Hiroshima, Miyoko Matsubara, kjem til Volda for å fortelje sin versjon av historia under og etter dei forferdelege bombene i Japan i 1945, fortel Tengyo.


arrangoerar525
Tengyo Kura, Arnljot Løseth, Gunnar Strøm. Last opp stort bilete

Saman med historikar Arnljot Løseth og Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga har han også invitert direktør Koichiro Maeda ved Hiroshima Peace Memorial Museum, Nori Nakamura som er forskingsleiar og dekan ved  Genetics of Radiation Effects Research Foundation in Hiroshima, Sayoko Kinoshita som er direktør for Hiroshima Animation Festival, Sizzle Otaka og Masahiro Saeki som er musikarar i "A-Bomb concert", saman med representantar frå Det norske nobelinstitutt.

Desse vil ta del i ein minnekonsert etter Hiroshima i Volda kyrkje og eit seminar om mellom anna a-bombene og fjerning av atombombetrusselen i verda i dag. Frå Hiroshima Peace Memorial Museum vert det også stilt ut ei fotoutstilling i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen.

Les meir på www.hivolda.no/hiroshima


 

Del på: