Weiterbildung på Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Det er kjekt med vaksne og motiverte studentar, så no ser eg fram til eit godt studieår, seier førsteammanuensis Katrin Lunde ved Tysk institutt.

Ho vil saman med Edelgard Budde og Svanhild Holsvik ha det faglege ansvaret for studiet.

Målgruppa er lærarar som er i arbeid, og vi har difor organisert studiet med samlingar og nettleksjonar for å gjere det så fleksibelt som mogleg.

Vi gir også tilbod om eit studieopphald i Heidelberg i Tyskland no i haustsemesteret, og til våren tek vi turen til Berlin.
- Det er med andre ord mykje å sjå fram til, smiler Lunde.

Lunde2
Katrin Lunde

Tyskklasse
Edlegard Budde deler ut undervisnigsmateriell til ivrige studentar

Del på