Signerer lengre partnarskap i lærarutdanninga
Partnarskapssamarbeidet mellom HVO og Velle skule og Øyra skule er forlengt med seks år. No ser skulane fram til å samarbeide vidare om å styrke kvaliteten i lærarutdanningane.
Sidan 2018 har grunnskulelærarutdanningane ved Høgskulen i Volda hatt partnarskapssamarbeid med Velle skule i Ørsta og Øyra skule i Volda. No signerer dei avtale om seks nye år og ser fram til å samarbeide om å styrke kvaliteten i lærarutdanningane.
Lærarutdanningsskulane (LU-skulane) Velle skule, Øyra skule og Ulstein ungdomsskule er tre praksisskular som Høgskulen i Volda (HVO) har inngått partnarskap med.
Tanken er at det tette samarbeidet mellom institusjonane skal gje ei betre kopling mellom det som skjer i grunnskulen og på høgskulen, og at dette vil skape meir samanheng mellom opplæringa studentane får på dei to arenaene.
Vidare er det eit prinsipp at samarbeidet skal vere til gjensidig nytte for alle partane, og at ein gjennom samhandling skaper kunnskap i lag som igjen aukar kvaliteten ved alle institusjonane.
Dreg fram positive lærarar
– Avtalane med to av LU-skulane, Øyra og Velle, går ut denne sommaren, og etter ein søknadsprosess og revidering av eksisterande avtalar var vi svært glade for at begge dei to skulane ønskte å halde fram samarbeidet, seier Kjersti Markegård, som er koordinator for LU-samarbeidet ved HVO.
– Skulane leverte to gode søknader der dei var tydelege på at dei ønsker å halde fram det tette samarbeidet og vidareutvikle den gode kontakten vi har opparbeidd desse åra. Spesielt kjekt var det at lærarane ved LU-skulane var eintydig positive til vidare samarbeid, understrekar Markegård.
Eit samarbeid med breidde
Viktige område for samarbeid mellom LU-skulane og HVO er mellom anna kombinerte stillingar, hospitering, samarbeid om masteroppgåver og forskingssamarbeid og utveksling av kunnskap og erfaringar mellom anna gjennom årlege fellessamlingar.
Partnarskapssamarbeidet med Øyra skule / Volda kommune og Velle skule / Ørsta kommune blir vidareført, og ein ny avtale for seks år er signert på eit møte onsdag 19. juni.
Les meir om LU-skulesamarbeid og barnehagesamarbeid her: