Erfaringsutveksling i Austerrike
I slutten av november var Ingvild Buhaug og Trine Refvik Kupen ved Institutt for digital kompetanse (IDK) deltakarar på International Week ved Høgskulen i Volda (HVO) sin partnarhøgskule, Pädagogische Hochschule Tirol (PHT) i Innspruch.
Innlegg og førelesingar
Deltakinga på arrangementet gav styrka faglege kontaktar og meirsmak på internasjonalt samarbeid. Begge to heldt innlegg og førelesingar som ein del av programmet.
Trine Refvik Kupen (t. h.) hadde eit innlegg om «Professional digital competency in Kindergarten», medan Ingvild Buhaug heldt ein presentasjon «How to use digital tools in outdoor learning, including micro-controllers and virtual exchange”.
Ingvild hadde også to førelesingar med masterstudentar om temaet “The Use of Media and Technology in Norwegian Primary Schools”.
Dei to høgskulelektorane ser tilbake på veka i Innsbruck som utruleg lærerik og inspirerande, der dei fekk verdifull innsikt i både faglege og kulturelle aspekt.
"Future Lab"
Samlokalisert med PHT er ein grunnskule som dei brukar til praksis og forsking. Deltakarane på International Week fekk omvisning på denne, samt på PHT sin «Future Lab». Denne har ei samling av ulike digitale verktøy ein kan bruke i både barnehage og skule. Her får PHT-studentane lære korleis dei kan nytte digitale verktøy på ein kreativ og enkel måte saman med elevane i skulane.
Under International Week i Volda i 2023 hadde HVO besøk av Sabrina Gerth frå PHT. Ho deltok også på den internasjonale veka i Innsbruck. Der kom det fram at «Future Lab» ved PHT er inspirert av Læringsverkstaden ved HVO, som ho opplevde under sitt besøk i Volda.
Gjensidig inspirasjon
Ingvild Buhaug og Trine Refvik Kupen hadde gleda av å vere ein del av ei engasjert og kunnskapsrik deltakargruppe med representantar frå lærarutdanningsinstitusjonar i Latvia, Polen, Belgia, Portugal, Tyskland og Norge.
Innsbruck er ein vakker by, kjend for sin imponerande natur og majestetiske fjell, men det som verkeleg gjorde inntrykk på Trine og Ingvild var den moderne og velutstyrte høgskulen.
Dei deltok på ei rekkje aktivitetar som gav eit godt innblikk i studietilbodet ved PHT. Ein av dei mest spennande aktivitetane var å teste 3D-printa mat.
Institutt for digital kompetanse
Trine Kupen Refvik og Ingvild Buhaug er tilsette ved Institutt for digital kompetanse (IDK) ved Høgskulen i Volda.
Tilsette ved instituttet underviser og forskar på digital kompetanse i læring, mediekompetanse og digital didaktikk. Dei utviklar og driv studietilbod, kurs og oppdrag frå barnehage til vaksenopplæring og høgare utdanning.