Møt idrettstudent Siri

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

Idrettsstudent Siri Stranden føler seg så heldig som får halde på med det artigaste ho veit på skulen – idrett – og samtidig lære om teorien bak det.

"På idrett har vi eit variert utval av praktisk undervisning og aktivitetar, og teoretisk undervisning som henge tett saman med det praktiske. Vi har dei kjekkaste og flinkaste lærarane som underviser oss i alt frå dans, fotball, handball, volleyball, basket, svømming, friidrett, turn, orientering og alpint, undervisningslære, treningslære, aktivitetslære, motorisk læring og mykje meir! Samt heilt utruleg mykje forskjellige typar leik og aktivitetar i sal!

Lærarane er så flinke til å kople teori og praksis saman og eg angrar ikkje eit sekund på at eg valde å studere idrett! I tillegg så er klasse- og studiemiljøet heilt unikt når ein studerer eit praktisk studie. Ein treng absolutt ikkje å vere i god fysisk form eller drive med idrett for å gå Idrett og kroppsøving i Volda.

På fritida spelar eg volleyball for KFUM Volda og likar elles å bruke tida på tur eller trening. Om du er like glad i trening, tur, fjell og idrett som meg, så søk Høgskulen i Volda du også."

 

 

Har du lyst å sjå flere innblikk fra studiekvardagen i Volda? Følg med på Instagram

 

 

Del på