Eli-Karin Sjåstad Åsebø har disputert ved HVO
Fredag 6. oktober disputerte Eli-Karin Sjåstad Åsebø for ph.d.-graden i helse- og sosialfag ved Høgskulen i Volda.
Fredag 6. oktober disputerte Eli-Karin Sjåstad Åsebø for ph.d.-graden ved Høgskulen i Volda med avhandlinga Exploring Contextual Stressors and Coping Strategies in Physical Education. A Case Study Approach.
I avhandlinga si for doktorgraden i helse- og sosialfag utforskar Sjåstad Åsebø korleis ungdomsskuleelevar opplever kroppsøvingsfaget, med særskild vekt på korleis elevane oppfattar stressande faktorar og bruker strategiar for stressmeistring.
Tre vitskaplege artiklar undersøkjer om elevane opplever stress i kroppsøving, kva som eventuelt stressar dei, og kva strategiar dei nyttar for å handtere stress.
Framhevar gode relasjonar og eit trygt, positivt miljø
Avhandlinga viser at fleirtalet trivst i kroppsøvingstimane, og at dei fleste aldri eller sjeldan opplever stress i faget. Nokre elevar opplever kroppsøving som mindre stressande enn andre fag, og nokre opplever det som stressreduserande, medan andre handterer stressande situasjonar lettare etter kroppsøvingstimane. Likevel har enkelte elevar ofte eller av og til negative opplevingar eller kjensler i kroppsøving.
Elevane sine oppfatningar er avhengige av situasjonen, innhaldet i timane, forholdet og oppførselen til medelevar og læraren, tidlegare erfaringar og personlege vurderingar av ulike stressfaktorar.
Avhandlinga løftar fram ei rekkje ulike stressfaktorar og belyser både likskapar og forskjellar mellom elevar med ulike føresetnader, erfaringar og kjønn. Jenter ser ut til å vere meir følsame for stressfaktorar enn gutar, spesielt i det å vere synleg, møte utfordrande oppgåver og ha låg meistringstru.
Funna i avhandlinga framhevar betydninga av gode sosiale relasjonar og av å skape positive, trygge læringsmiljø i kroppsøvingstimane.
Forskinga viser korleis elevane opplever faget
Avhandlinga til Sjåstad Åsebø bidreg med kunnskap om korleis elevar på ungdomstrinnet erfarer kroppsøvingsfaget, med særleg vekt på stress og strategiar for stressmeistring.
Skulen blir sett på som ein viktig arena for helsefremjande arbeid og grunnlaget for ei berekraftig samfunnsutvikling. Skulen generelt, og kroppsøving spesielt, har blitt framheva som ein sentral arena for arbeid med livsmeistring og helse. Det er behov for meir forsking og kunnskap som identifiserer dei spesielle forholda ved skulen og identifiserer kva det er med skulesituasjonen som skaper stress, kjønnsforskjellane i årsak og oppleving av stress, korleis elevar taklar stress frå deira perspektiv, og kva samfunnet kan gjere for å redusere stress blant unge menneske.
I timetal er kroppsøving det tredje største faget på barne- og ungdomsskulen, og det er eit av to fag som er gjennomgåande i 13 års skulegang.
Om doktoranden
Eli-Karin Sjåstad Åsebø (44) har hovudfag i kroppsøvings- og idrettspedagogikk frå Noregs idrettshøgskole (2005). Åsebø har også praktisk-pedagogisk utdanning (2002) og mellomfag (2001) frå Noregs idrettshøgskole, årseining i kroppsøving (2000) og grunnfag i tysk (1999) frå Høgskulen i Volda og har tidlegare jobba som kroppsøvingslærar. Åsebø er i dag fast tilsett som høgskulelektor ved Institutt for idrett og friluftsliv i Avdeling for kulturfag på Høgskulen i Volda.