10-årsjubileumskonsert for Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

I 1845 fekk Mendelssohn i oppdrag av Birmingham Festival Committee å komponere eit oratorium til ein musikkfestival. Mendelssohn var allereie svært glad i England og engelskmennene, sikkert mykje på grunn av den gode mottakinga han fekk då han kom dit fyrste gongen. Dette er grunnen til at verket fyrst vart framført i England og oftast vert sunge med engelsk tekst som Elijah.

mendelssohn-melding

Allereie ni år tidlegare, altså i 1837, hadde Mendelssohn planlagt å komponere eit oratorium som handla om profeten Elias. Dette var eit resultat av den positive erfaringa han fekk året før av oratoriet Paulus. Til å hjelpe seg med teksta samarbeidde han med teologen Julius Schubring som seinare skulle stå ansvarleg for heile den tyske teksta.

Mendelssohn var frå ein jødisk familie som hadde konvertert til kristendommen. Den jødiske bakgrunnen spelte nok ei rolle då han bestemte seg for å skrive om Elias. Samstundes var han konservativ i trua og meinte at verda var inne i eit moralsk uføre. Dette høvde godt i det religiøse livet i England på den tida, då ein opplevde sterk motstand mot katolikkane. Dette var nok med på å legge eit endå betre grunnlag for den suksessen han fekk.

Elias vart urframført 26. august 1846 i Birmingham Town Hall med eit orkester på 125 og eit kor på 271. Mendelssohn dirigerte ikkje sjølv. Den oppgåva hadde han overlate til komponisten Ignaz Moscheles, som tok imot Mendelssohn fyrste gongen han kom til øyriket. Heile to tusen publikummarar var til stades under konserten, som vart ein enorm triumf for Mendelssohn. Men sjølv om det vart ein kjempesuksess, var han ikkje nøgd med verket og gjorde seinare fleire endringar, mellom anna i delar av handlinga om Enkja og fleire av resitativa. Etter det karakteriserte han Elias som det beste verket han hadde komponert.

Den tyske premieren for verket var i Hamburg i oktober 1847, og heller ikkje då med Mendelssohn som dirigent, ettersom han var for sjuk. Han døydde berre ein månad seinare.

 

Medverkande

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Koret ved Høgskulen i Volda (Innstudering: Tine Grieg Viig og Bård Dahle)

Ørstakoret (Innstudering: Hanne Kristin Dahle og Bård Dahle)

 

Solistar:

Jorunn Lovise Husan – sopran

Ragnhild Engeset – alt

Håkon Matti Skrede – tenor

Alf K. Vatne – bass

 

Andre solistinnslag:

Siv Aurdal, Kristin Bolstad, Hanne Kristin Dahle, Karen Eikrem , Audhild Holsvik , Irene Løvoll, Anne Marta Vinsrygg Vadstein, Line Camilla Ørsnes, Børge Hauge, Helge Kvalheim, Gunnar Stave.

 

Dirigent: Bård Dahle

Symf-ork-melding
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

h-koret-melding
Høgskulekoret i Volda kyrkje.

 

Billettsal

Førehandsal måndag 25. oktober – torsdag 28. oktober:

MIX i Ørsta og Volda og i resepsjonane i Berte Kanutte-huset og Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

 

Kr. 200.

Studentar og barn: kr. 100.

 

 

 

 

 

 

 

 

Del på