Gradvis opning av høgskulen

– Frå i morgon torsdag 14. mai vil høgskuleområdet delvis verte gjenopna. Studentar som treng tilgang for å unngå forseinkingar i studieløpet vil få det. Vi ber alle om å halde gjeldande reglar for smittevern, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Henrik Kaarstad-huset

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Del på:

– Frå i morgon torsdag 14. mai vil høgskuleområdet delvis verte gjenopna. Studentar som treng tilgang for å unngå forseinkingar i studieløpet vil få det. Vi ber alle om å halde gjeldande reglar for smittevern, seier prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

– Moglegheita for tilgang gjeld alle studentar, ikkje berre avgangsstudentar på utvalde fagområde som tidlegare. Studentane skal sjølve vurdere behovet for tilgang ut frå omsynet til studieprogresjonen. Studentar kan til dømes ha behov for å få tilgang til verkstader og ymse utstyr, klasserom - ikkje trange grupperom - for å gjennomføre kollokviegrupper, betre studiefasilitetar og tilgang til biblioteket, seier prorektor Mjellem Tonheim.

Prorektor understrekar at sjølv om også tilsette no er tilbake på høgskuleområdet, så skal all undervising, rettleing og annan fagleg aktivitet skje digitalt ut semesteret.

– Alle faglærarane våre er tilgjengelege i Canvas, per e-post eller på telefon. Bruk moglegheitene som er der. Har du behov for teknisk hjelp på ein verkstad, er det sjølvsagt ok. Ring då din faglærar for å avtale.

Odd Helge Mjellem Tonheim
Prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

I Retningslinjer for tilgang til Høgskulen i Volda for studentar – mai og juni 2020 står det at studentane at studentane må gjere seg kjent med smittevernreglane. Dei som bryt desse kan bli nekta tilgang. Kravet om ein meters avstand er gjeldande.

– Eg er veldig glad for at vi no kan vente å sjå både tilsette og studentar på høgskuleområdet igjen, Høgskulen i Volda er best med folk! Men eg må understreke alvoret med å oppretthalde alle reglar for smittevern. Hugs kravet om ein meters avstand mellom folk, hugs å vaske henda ofte, host og nys i albogen eller i papir, dette er svært viktig for å unngå å måtte gå til steget å stenge ned igjen høgskuleområdet, seier prorektor Mjellem Tonheim.

Smitteversrettleiar finn de her. Denne må alle som skal vere på høgskuleområdet gå gjennom.

Retningslinjene for tilgang.

Del på: