THE 8TH INTERNATIONAL ANIMATION FESTIVAL
Utveljinga av filmar på THE 8TH INTERNATIONAL ANIMATION FESTIVAL HIROSHIMA 2000 I JAPAN vil finne stad i byrjinga av mai. I komiteen sit mellom anna visepresident i ASIFA (Association Internationale du Film d'Animation) Gunnar Strøm.
Gunnar Strøm er førsteamanuensis i film ved Høgskulen i Volda.
I september 1984 retta ASIFA ein offisiell førespurnad til Hiroshima om å få halde ein animasjonsfestival. ASIFA vart grunnlagt i 1960 for å fremje animasjonskunsten og internasjonale relasjonar. Hiroshima som by har kontinuerleg støtta verdsfreden på ulike måtar. Den Internasjonale festivalen i Hiroshima vart skapt med eit syn på at animasjon er ein måte menneskesinnet søkjer ein måte å leve i fred på.
Gunnar Strøm
Den første festivalen vart arrangert i 1985 på 40-årsdagen for atombombene som fall over byen. Dette var også det første året ein fullverdig internasjonal filmfestival vart heldt i Japan. Sidan då har festivalen vore arrangert sju gongar. Gjennom denne tida har animasjonskunsten gått gjennom drastiske teknologiske endringar.
Besøk The 8th International Animation Festival Hiroshima 2000 på http://www.urban.ne.jp/home/hiroanim/hiroanime-e.html
Meir nytt om animasjonsfilm:
- "Bubble Trouble" av Jens Werner Andersen har vært en suksessfilm når det gjelder fjorårets kull. Men vi har flere...
"Bubble Trouble" var med i hovedprogrammet i Matita Filmfestival i Chieti (Italia) sammen med 6 andre filmer fra HVO. Vi har aldri hatt det bedre i festivalsammenheng. Og i tillegg er "Bubble Trouble" med i Annecy - verdens fremste animasjonfestival som foregår
i juni i år. Egentlig har vi to filmer med. Den andre er "Mr.Wrinckle in Mysterious Circumstances" av Aleksander G. Berg.
Det var 1092 filmer påmeldt til hovedprogrammet i Annecy og cà 250 var utvalgt,
bl.a. "Bubble Trouble" og "Mr. Wrinckle".
Dette kan regnes som suksess, seier Andres Mänd
Trude K. Dalen
Informasjonskontoret