Arill Riise og Landstinget til Volda
Onsdag 22. oktober skal programleiar Arill Riise og TV 2 avvikle Landstinget i Berte Kanutte-huset her ved Høgskulen i Volda. Utdanningsminister Bård Vegar Solhjell skal vere med i panelet så ein kan rekne med at forholda i norsk skule vil bli sentrale tema. Studentar og andre får også høve til å stille utdanningsministeren spørsmål BK Store aud. mellom kl 1700 og 1830.
Det blir sjølvsagt ikkje berre spørsmål om utdanning og skule når utdanningsminister Solhjell møter både framtidige lærarar og vaksne studentar klokka 2000 i Berte Kanutte-huset no på onsdag.
Den politiske motstandaren i panelet er 1. nestleiar i Venstre, Trine Skei Grande. Ho er no inne i sin andre periode som stortingspolitikar, men har tidligare vore lærar og førelesar i sosialfag ved Høyskolen i Levanger.
Carsten O. Five lover å dele sin kunnskap om økonomiske problemstillingar. Han er ein av økonomane som trur på lågare rente fram mot sommaren, og oppfordrar no førstegangskjøparar av bustader til å vente til prisane vert enno lågare.
Heidi Nordby Lunde er medlem i Oslo Høyre, og sørgjer for eit panel med breidde i Volda.
Ope møte med utdanningsministeren
Studentar og andre får høve til å stille utdanningsminister Bård Vegar Solhjell spørsmål i kantina i Berte Kanutte-huset mellom kl 1700 og 1830.
Debattprogrammet Landstinget er ein av dei mest krevjande produksjonane TV 2 lagar. Kvar veke reiser 40 personar og tre lastebilar til ein ny stad i landet for å sende direkte i ein time.
Vil du være publikum på Landstinget, og stille spørsmål til panelet, kan du gå inn på denne vevsida: http://www.tv2nyhetene.no/landstinget/article1689817.ece