Austral-Asiatiske kulturstudier - NY FRIST 12. mars

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

prettyone

Etter ei veke i Volda ved studiestart, set studentar og lærarar kursen for Malaysia og Kuala Lumpur.

Her får dei oppleve malaysisk kultur og besøke Limkowing universiteta, før det ber ut på ulike ekskursjonar.

Deretter set studentane kurs mot Brisbane og Griffith University: Queensland College of Art. Dei påfølgande seks vekene i Brisbane skal gi studentane eit innblikk i australsk kunst og kultur, religion, historie, politikk, utdanningssystem og velferd i forhold til Australia som eit multikulturelt samfunn.

Etter seks intense veker går turen til Japan, og mange synes kanskje dette er høgdepunktet i studiet. Det å få oppleve mellom anna Tokyo, Kyoto og Hirsoshima på nært hald sett sine spor. Siste stopp er Cairns i Nord Australia.

Interessert?
Les meir om studiet og emneplanen.

surfing-australia.thumbnail 

Lyst til å søke?
Send motivasjonssøknad til studiekoordinator ved Institutt for språk og litteratur. Søknaden skal vere på engelsk, og ha eit omfang på maks. ei side der du fortel litt om kvifor akkurat du bør få delta på dette studiet, kva som motiverer deg og korleis du ser at dette halvåret passar inn i ditt utdanningsløp. (Hugs å skrive kontaktadresse, e-post og telefonnummer på søknaden).

Alle som søkjer og som tilfredstiller minimumskrava blir kalla inn på intervju i mars. Intervjuet blir sjølvsagt på engelsk.

Lurer du på noko? Ta kontakt med fagansvarleg Howard Medland tlf. 70 07 50 38 e-post howardm@hivolda.no eller studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk tlf 70 07 50 15 e-post sgh@hivolda.no.

Les meir om studiet på Internasjonalt kontor sine sider.

Del på