Barnevernspedagogutdanningane i Volda

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Vi har samla lærarar frå alle dei ti høgskulane som utdannar barnevernspedagogar, seier Jan Einar Flø. Over tre dagar skal dagsaktuelle tema belysast, og Roger Mathiesen frå Høgskulen i Lillehammer skal halde hovudforedraget "Et forsøk på avklaring av spørsmålet om sosialpedagogikk som teoretisk begrep og praksis".

Denne lærarsamlinga har vore ein årviss tradisjon sidan tidleg på åttitalet, og dei ulike skulane byttar på å arrangere samlinga.

- Lærarsamlinga er viktig for å binde utdanningane saman. Her kan vi gi kvarandre impulsar, og halde ved like kontaktar med kollegaer, fortel Flø. Det vert også lagt vekt på det meir uformelle aspektet, og delar av lærarsamlinga skal også haldast i naturskjønne omgjevnadar på Øye med båttur for alle påmeldte.

Del på