I beit for julegåve?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dette er ei bok som både gjev eit historisk tilbakeblikk og kjem med aktuelle bidrag til faglege spørsmål. Boka er på 153 sider, og kostar berre 100 kroner.

Innhald:
* Utdanning mot alle vindar - ein artikkel om historia til mediefaga i Volda av Bjarte Alme.
* Måne over Volda - eit mediekritisk essay av forfattaren Kirsti Thorheim.
* - Utdanninga starta eitt år for tidleg - intervju med Volda-pioneren Gudmund Gjelsten.
* Radiohistorie i Volda - Eivind Rønnestad fortel om strevet med å få NRK til å sleppe andre til.
* Det norske medielandskapet 1971 og 1996. Medieforskaren Sigurd Høst (IJ) syner medieutviklinga utanfor Volda.
* Livet etter medielinja - Øystein Sande har mellom anna funne ut kor mange kjendisar det har vorte i tre forskjellige kull.
* B.mrk: 22-åring med praksis og solid utdannelse søkes! Redaktør Hans Arne Odde (DTBB) trøystar dei som trur utdanning frå utlandet er gjevast.
* Vegen frå Volda. Ei essayistisk historie av forfattaren Ann Kavli.
* Herfra til fjernsynet. Elin Østraat (NRK) skriv om det å kanskje bli kjendis.
* Blir journalistikken en annen i et kommersielt medium? Anne Iversen (TV2) svarar.
* Journalistikken etter den digitale revolusjonen. Redaktør Arne H. Krumsvik (Dagbladet :på nett) skriv om notid og framtid.
* Møte med `90-årenes informasjonsyrke av informasjonskonsulenten til sysselmannen på Svalbard, Elisabeth Sørbøe Aarsæther (eks-HVO-tilsett).
* Eit yrke i endring - om offentleg informasjon frå innsida. Jon Aarekol (Samnemnda for studiearbeid) fortel om erfaringar som journalist og informasjonsarbeidar i `80- og `90-åra.

Boka inneheld dessutan interessante utklypp frå gamle utgåver av Næravisa, episodar frå «Volda-historia», fotografi og lister over tilsette og studentar.

Boka kan kjøpast/tingast hos Solgunn Ose Bjørneset, HVO!

- Helsing AMF

Del på