Biblioteket - ein viktig ressurs!

Det er verdt å gjere seg kjent med biblioteket og dei tenestene dei kan tilby, for der er det mykje nyttig å hente. Dei tilsette hjelp deg gjerne om du lurer på noko ved hjelp av rettleiing, kurs eller material søk.

I dag har det vore "Drop-in" kurs for søkande, der ein får hjelp til å friske opp søkekunnskap og kjennskap til databasane. Anne-Grethe Engebretsen er bibliotekar og ansvarleg for kurset, og seier at det er svært viktig med god kjennskap til søk for å finne gode kjelder.  Du kan lese meir om "Drop-in" kurset her, som blir halde FREDAGAR MELLOM 09.00 OG 10.00.

Biblioteket var med i ei stor studentundersøking i 2006, der studentar på historie, journalistikk og allmennlærar vurderte biblioteket sine tilbod. Studentane gav biblioteket toppkarakter i landet (du kan sjå resultata frå undersøkinga her.) 

Bibliotek_melding
Her er tre av dei hjelpsomme tilsette på biblioteket.
(F.v: Lars Håvåg (hovedbibliotekar), Anne-Grethe Engebretsen (bibliotekar) og Anne Marit Huse(bibliotekar))

Biblioteket har også si eiga heimeside, og som student har du eige bibliotek-rom i Classfronter. Her finn du nyheitsmeldingar og oversikt over dei ulike bibliotekressursane.

I biblioteket er det også lesesal, leseplassar og grupperom. Mange studentar nyttar biblioteket til gruppearbeid, med enkel tilgang til faglitteratur.

bib2 
NUS-studentar og Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk-studentar utnyttar kvarandre si kompetanse til læring.

bib3

På biblioteket er det eigen lesekrok, der ein mellom anna finn dagens aviser og ulike tidsskrifter.

Del på: