Budsjettet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Budsjettspørsmål vil stå på dagsordenen også etter at budsjettet for 1999 er vedteke:
· Det blir sendt søknad om ekstraløyving for å dekke kostnadene ved "pukkeleffekten" i samband med skifte av modell i allmennlærarutdanninga
· Styret har bedt om at ein går gjennom praksisordninga for allmennlærarutdanninga for å undersøke om det finst fagleg forsvarlege effektiviseringstiltak
· Styret har også bedt om at praksiskostnadene i allmennlærar- og førskulelærarutdanninga blir eiga sak i styret
· Det er sett av ein eigen post i budsjettet for å kompensere for overopptak
· Det blir arbeidd vidare med den interne budsjettfordelingsmodellen
· Stortingsmelding nr 26, Økonomien i den statlege høgskolesektoren, skal handsamast i Stortinget i vår. Der vil vi spele inn våre erfaringar med såkalla kostnadsdrivande faktorar, og vise kva konsekvensar dette får for oss. Det norske høgskulerådet vil også følgje opp denne saka på vegner av heile sektoren.

-rektor

Del på