Den Norske Dokumentarfilmfestivalen i gang!

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Festivalen vart første gong arrangert i 1997 under namnet Volda filmfestival, eit namn som i 2000 vart endra til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Seks år gammal er festivalen den eldste i landet med hovudfokus på dokumentarfilm.

Det er eit mål at Den Norske Dokumentarfilmfestivalen skal vere med på å lyfte statusen til dokumentarfilm i Noreg, samt inspirere fleire til å lage dokumentarfilm.

dokfilm
Frå festivalen i fjor

Dei som gjesta festivalen i 2001 fekk sjå eit breidt spekter av norsk og nordisk dokumentarfilm. Dette mangfaldet vil også kome til syne i 2002. Programmet vil spenne frå korte studentfilmar til lange profesjonelle produksjonar. Sjølv om fokuset er på Noreg og Norden, har også utanlandske dokumentarar ein plass i programmet.

Festivalen rommar i tillegg radio-dokumentarar og animasjonsfilm, og det vert arrangert aktuelle debattar og seminar.

I 2002 vert det for første gang delt ut prisar. Kategoriane er Beste Dokumentarfilm, Publikumsprisen og Beste Studentproduksjon.

Sjå meir på festivalen sine eigne sider:
http://www.dokfilm.com/

Del på