Den nye direktøren på plass ved HVO

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Jacob Kjøde jr. kjem frå stillinga som sjukehusdirektør ved Fylkessjukehuset i Volda, der han var tilsett i 7 år. Han er 54 år gamal og er utdanna Cand. polit. med hovudfag i offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap, mellomfag i samanliknande politikk og sosiologi grunnfag.
Kjøde jr. var tilsett ved Distriktshøgskulen i Volda i 16 år. Den fyrste tida var han tilsett i administrasjonen, men størstedelen av tida var han amanuensis.Han arbeidde på sosialfagseksjonen og hadde mellom anna ansvar for trygdeutdanninga ved distriktshøgskulen. I same tidsrom deltok han i fleire prosjekt- og utgreiingsarbeid innanfor helsesektoren i fylket.

Mvc-Kjode-Stave
Rektor Gunnar Stave (til høgre på biletet) ynskjer Jacob Kjøde jr. velkomen på høgskulelaget.


- Eg gler meg til å starte i den nye jobben, seier Jacob Kjøde jr. Eg kjenner Høgskulen og veit at der er mange dyktige, høgt utdanna fagfolk. Det er eit privilegium å arbeide i ei bedrift med så mykje kreativitet og skaparevne.

Del på