Den nynorske høgskulen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Dette er ei veldig gledelig nyheit for oss ved høgskulen, seier rektor Gunnar Stave i ein kommentar. Dette har vi jobba lenge med. Det er ei konkretisering av knutepunktfunksjonen i nynorsk skriftkultur som vart tildelt HVO i 1995, der målsetninga var å etablere dette hovudfaget, fortel Stave. Hovudfaget er eit tverrfagleg studium der både det språklege og det kulturelle er innbygt. Fagområdet vil vere samlande for fleire utdanningar ved høgskulen, og grunnstudia vil vere ein viktig faktor her.

Kulturstudium

I vedtaket frå Noregsnettrådet som godkjenner at Høgskulen i Volda kan etablere eit hovudfag i nynorsk skriftkultur, heiter det mellom anna:
"Hovudfaget i nynorsk skriftkultur er prinsipielt interessant fordi det dreier seg om et nytt tverrfaglig studium rettet mot en viktig del av den norske kulturarven. Studiet har også som målsetting å bidra til å profilere Høgskulen i Volda som " den nynorske høgskulen"… Studiet skiller seg fra hovedfag i nordisk ved at det har en mer allmenn kulturhistorisk tilnærming til feltet, med metodisk tilfall fra så vel humanistiske som samfunnsvitenskapelige disipliner. Det er ikke ment å være et språkstudium, men et kulturstudium".

Hovudfag/ mastergrad
- Det vert presisert i godkjenningsbrevet at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet forventar at studiet skal innpassast i den nye gradsstrukturen.Dette tyder at studiet vil bli sett i gong som mastergrad hausten 2002.Vi tek sikte på å ta opp 10 studentar kvart år, og studiet vil utgjere 40 vekttal. seier professor og leiar ved Ivar Aasen - instituttet Stephen J.Walton. Det som er viktig å få fram, er at det nye hovudfaget ved HVO ikkje gir den klassiske lektorutdanninga i norskfaget. Sjølv med praktisk- pedagogisk utdanning vil ikkje dette vere tilfelle. Studentane må i tillegg også ha nordisk grunn- eller mellomfag i botnen av studiet for å få undervisningskompetanse i norsk. Opptaksgrunnlaget vil i ein overgangsperiode vere cand. mag med humanistiske eller samfunnsvitkaplege fag i fagkretsen, eller tilsvarende, for eksempel utenlandske studier i nordistikk på BA- nivå, fortel Stephen J.Walton. Dette vil verte endra i takt med innføringa av det nye internasjonale gradssystemet med batchelor- og mastergrad, som skal innførast i Noreg frå hausten 2003.


walton
Ein stor dag for alle ved HVO, seier Stephen J.Walton.


Samarbeidspartnar
- I rekrutteringssamanheng vil det vere ein styrkje at studiet i så sterk grad er knytta opp mot ressursane ved Ivar Aasen- tunet i Hovdebygda med deira unike samling av nynorsk litteratur og språkkjelder, seier Stephen J. Walton. Ivar Aasen- tunet vil vere ein nøkkelinstitusjon når det gjeld studie av nynorsk i Noreg. Studiet vil kvalifisere for studier på doktorgradsnivå med tanke på ein vidare akademisk karriere, for arbeid innanfor undervisnings-, kultur-, medie- og informasjonssektoren og for stillingar i offentleg forvaltning og privat næringsliv der kunnskap om nynorsk skriftkultur og/eller skriftkultur meir ålmeint er etterspurt, avsluttar ein godt fornøgd professor.



Del på