- Dette er den beste reklamen vi kan få

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Å bli nominert til Oscar er stort, seier Strøm. Dette er noko som har ein heilt spesiell plass hjå alle som er opptekne av film. Alle har fått med seg dette. Og ikkje nok med det: Ein annan film, " Kongen som ville ha en krone", fekk prisen for beste barnefilm på filmfestivalen i Berlin sist helg. Anita Killi står bak regien. Både Killi og Brun Andersen er tidlegare studentar ved animasjonsutdanninga.

gunnar
Førsteamanuensis Gunnar Strøm

- Dette er eit signal om at det vi gjer er bra - om å lukkast. Sjølvsagt kan det vere noko tilfeldig, men det er uansett eit kvalitetsstempel for oss, seier Gunnar Strøm.

På veg opp
Norsk animasjonsfilm har ikkje vore særleg internasjonalt kjent, men no kan det merkast ei viss endring og ein etterspurnad etter nordiske filmar. Før var det mest enkeltsjeler som prega norsk animasjonsfilm, men siste fem åra har dette bygd seg opp. Samstundes har bransjen vorte meir og meir profesjonalisert med reklamefilmane som viktige inntektskjelder.

Animasjonsfilmutdanninga i Volda
Den to-årige animasjonsutdanninga i Volda er den einaste i Noreg.
- Vi har eit ønskje om å få til eit tredje år, seier Strøm. Utdanninga er så komprimert. Studentane må få fortsette å lære og spesialisere seg for ein bransje som stadig stiller strengare krav. - Viss ikkje må vi redusere innhaldet, seier Strøm.

- Dette skal takast opp i avdelingsstyret for mediefag onsdag 23 februar. Vi har eit håp om å få det til!

Meir om animasjonsutdanninga:
http://www.hivolda.no/studtilb/media.html


Trude K. Dalen
informasjonskontoret




Del på