DIGITAL KRINGKASTING: KVA SKJER EIGENTLEG?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Omgrepet 'digital kringkasting' tolkar vi vidt. Det dekkjer den medieverda vi alle lever i, og emnet for seminaret er rett og slett: Kva skjer eigentleg? Vi er ikkje ute etter dei luftige vyane, etter svartmåling eller prat om store summar. Vi vil finne ut av det som faktisk skjer.

MÅL: Seminaret skal vere ein møteplass for teoretikarar og praktikarar, det skal gje deltakarane ny innsikt og nye kontaktar, og det skal vere sosialt.

EMNE: Vi arbeider med ei rad emne som vi meiner er viktige for å forstå journalistikk og mediebruk i den digitale samtida vår. Somme er alt klare. På årets seminar kjem vi til å setje lys på nokre av desse emna:

* Big Brother i Noreg: Korfor så populært? Kva har serien gjort med oss?
* Frå rikskringkasting til riksmanagement: Den lange marsjen frå allmennkringkasting til mediehus.
* Journalistane i etermedia: Språk og identitet hos norske journalistar.
* Nye formidlingsmåtar, nye format: Om nyheitsformidling gjennom tekstmeldingar, teiknruter, tekstlinjer (på tv-skjermen, dataskjermar).
* Stofftjuveri og klypp-og-lim-journalistikk: Kan farten som den journalistiske produksjonen i den digitale verda har, ha påverka mengda av stofftjuveri?
* Utviklinga på Internett: Bruk av Internett som "avlastingskanal" for etablerte medieinstitusjonar og heilt nye aktørar - kva slags kringkasting er det?
* Kor brukarvennleg kan digital teknologi bli? Kva ønskjer brukarane av nettradio, nettfjernsyn og andre tenester på nettet, og kva blir tilbode?
* Politiske rammer for tradisjonell kringkasting vs. direktesending på nettet.
* Digital kringkasting og journalistikk i eit land under utvikling.
* Radio: Samanslåingar, nedleggingar og nyetableringar - kva skjer eigentleg på radiofronten? Og korfor hører ikkje folk på radio på nettet?
* Mediebruken: Kva fortel utviklingstendensane frå dei siste åra oss?
* Mediepolitikk: eigarskap, konsesjonar, bakkesendingar, breiband m.m.

MÅLGRUPPE: Seminaret skal vere eit kreativt møte mellom medieforskarar og bransjefolk. Det er ope for alle så lenge plassen tillet det - i fjor var ca. 120 med. Dei vi særleg ønskjer å nå er journalistar og andre praktikarar i radio, fjernsyn og Internett-verda, medieforskarar, folk som arbeider med utvikling/planlegging i mediebedrifter, og studentar som skal arbeide i og med media. Vi har behov for å møtast, for å lære og for å diskutere.

FØREDRAGSHALDARAR: Dersom det er nokon som har noko aktuelt å bidra med, tek vi gjerne imot innspell. Innlegga skal vere på 30-40 minutt, med tid til ein spørsmålsrunde etterpå. Vi er spesielt interesserte i å få yngre fagfolk - gjerne kvinner - på føredragslista. Desse er klare: Alex Iversen, Heidrun Torbjørnson, Johann Roppen, Lars Nyre og Jon Peder Vestad.

PRIS: Vi reknar med at deltakarane har store nok utlegg i og med reisa til Volda og opphaldet her, og derfor er seminaret utan ordinær deltakaravgift. Arrangørane dekkjer reise og opphald for innleiarane, og gjev eit honorar til dei innleiarane som ikkje har arbeidsgjevarar som betaler for dei.

DET SOSIALE: Vi har felleslunsjar, og steller til ein seminarmiddag med påfølgjande fest (og truleg nachspiel) torsdag 25. oktober.

INTERESSERT?: Skriv til digital@hivolda.no for å melde deg som aktuell føredragshaldar, for å tinge programfaldar, for å komme på postlista vår eller for å få vete meir om seminaret.

PÅ INTERNETT: Fleire opplysningar om seminaret kjem etter kvart til å bli lagde ut på www.hivolda.no/digitalkringkasting.

VELKOMMEN TIL TRIVELEGE OG NYTTIGE DAGAR I VOLDA!


Jon Peder Vestad, Høgskulen i Volda/Volda University College
Tlf.: 70075075 (arbeid), 92408788 (mobil) Faks: 70075052 (arbeid)
Vestads vevstad: http://www.hivolda.no/jpv Privat: jpvestad@hotmail.com (+ ICQ)

Del på