Doktordisputas på Norges idrettshøgskole

Fredag 24. august disputerte høgskulelektor Gunnar Repp ved Norges idrettshøgskole, Institutt for samfunnsfag.

Gunnar Repp har dei siste 20 åra vore tilsett ved Høgskulen i Volda. Han var mellom anna leiar/forskar i eit treårig forskingsprosjekt: Natur og friluftsliv i grunnskule og barnehage. Friluftsliv har i hovudsak vore arbeidsfelt.

Sist fredag forsvara Gunnar Repp avhandlinga si: "Verdiar og ideal for dagens friluftsliv. Nansen som føredøme? Tankar og formuleringar om friluftslivet i vår tid: spegling av Nansen sine verdiar og ideal? Ei samanliknande gransking", for graden Doctor Scientarium.

GunnarRepp2

- Doktorgradsarbeidet er ei komparativ gransking av to skriftlege formuleringsarenaer - Nansen sitt friluftsliv og friluftslivet i vår tid - med sikte på å klarleggje friluftslivsyn og verditenkingabak, seier Gunnar Repp. Arbeidet har hatt ei forankring i kunnskapssosiologiske perspektiv med fokusering på det kognitive og abstrakte: på ideologiar og verditenking.

Føredøme og premissgjevar

Granskinga byggjer opp under førestellingar om Nansen som føredøme og premissgjevar for friluftslivet i ettertida: med vågemot, sjølvstende, handlekraft og trong til personlege eventyr, grenseflytting og dådsverk- men også ro, einsemd og tid for ettertanke- som sentrale ideal. Samtidig finn vi tydeleg ei verditenking rundt friluftslivet sin plass i oppseding og haldningsskapande arbeid.

- Med meir eller mindre hell streva Nansen med å leve opp til høge ideal om det enkle friluftslivet og om å arbeide med - vere på lag med- naturen: eitt av mange døme på det ambivalente ved Nansen, fortel Gunnar Repp engasjert. Nettopp dette reiser spørsmål rundt det føredømlege. Vi finn eit klart formuleringsgrunnlag for dagens friluftsliv: for eit ettertenksamt friluftsliv. Slik la han kanskje og grunnlaget for abstrahering og teori knytt til vårt friluftsliv? Synleggjering av verdigrunnlaget kunne styrkje legitimering av friluftslivet, men også medverke til aukande institusjonalisering, profesjonalisering og organisering for det enkle livet i naturen, avsluttar disputanten Gunnar Repp.

Ved disputasen sat desse i komiteen:
Professor Sigmund Loland, Norges idrettshøgskole, leiar
Professor Jonas Frykman, Lund Universitet
Docent Lena Eskilsson, Umeå Universitet



Del på: