”Ein engel i systemet?” – frå masteroppgåve til bok

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Som rådgjevar i Kreftforeininga har ho mange spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Arbeidet er hovudsakleg retta mot to felt, førebyggjande verksemd og frivillig arbeid.
– Eg har ansvar for det førebyggjande arbeidet retta mot tobakk, solverning, fysisk aktivitet og kosthald. Kreftforeninga har prosjekt og samarbeid ulike stader i landet, og eg har dialog med koordinatorane i fylke og kommune. I tillegg har vi frivillige som yter omsorg og sørvis for kreftpasientar. Kreftforeininga tilbyr kurs og oppfølging for desse, fortel Marit Svisdahl.

Kampanje for røykfri skule
I desse dagar arbeider ho med eit prosjekt som skal kartleggje røykjeforbod i vidaregåande skule.
– Vi har i stor grad lukkast med røykjeforbod i ungdomsskulen. På vidaregåande er det nye påverknader med mellom anna lærarar som viktige rollemodellar. Vi ønskjer å satse på ein kampanje for røykfri skule. Forsking viser at dersom ein ikkje tek til å røykje i vidaregåande skule, er sjansane større for at ein ikkje tek til med det i framtida, seier ho. Det er dei strukturelle rammevilkåra, som forbod mot bruk av snus og røyk i skuletida, som viser seg å gje dei beste resultata.

Forske på eiga erfaring
Marit Svisdahl har vore tilsett i Kreftforeininga i eit år. Ho valde å ta mastergradsutdanning for å få meir kunnskap og kunne arbeide meir systematisk. Marit har erfaring og praksis gjennom mange år og har arbeidd med menneske med ulike behov.
– Eg ville lære meir gjennom å forske på eiga erfaring og såg høve til å tileigne meg andre arbeidsoppgåver. Det var også interessant å kunne gjere noko nytt. Eg tok til med emnet Livsløp, velferd og planlegging og vart tend på Høgskulen i Volda si organisering av studiet. Det at lærarane hadde stort engasjement og gav mykje i undervisninga, var ein viktig faktor saman med den fleksible organiseringa.

MS040608_300   VeienUtAvPsykiskLidelse%5B1%5D
Marit Svisdahl er rådgjevar i Kreftforeninga, og i 2006 var ho ferdig med Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing ved høgskulen. I august i år vart masteroppgåva hennar til boka "Veien ut av psykisk lidelse" (Foto: privat).

Frå masteroppgåve til bok
Mastergradsstudiet i Samfunnsplanlegging og leiing er lagt opp med studiesamlingar. God oppfølging, klare fristar og rammer gjer dette til ein god måte å skrive masteroppgåve på. Marit dreg fram høvet studentane har til å leggje stoffet fram for kvarandre og førelesarane, og seier at apparatet rundt ei mastergradsutdanning er svært viktig.
– Det er ein nokså einsam jobb å skrive masteroppgåve. Oppgåva mi, ”Ein engel i systemet?”, tek for seg medborgarskap, relasjonar og psykisk helse. Eg har intervjua ulike menneske som har opplevd å bli psykisk sjuke i vaksen alder, og sett materialet inn i eit teoretisk perspektiv.

Det var tilfeldig at ein konsulent frå forlaget fekk lese oppgåva, og ei tid etter mottok Marit ein e-post med spørsmål om ho ville skrive bok. Det vart ein lang prosess med å omarbeide stoffet. I august i år kom boka ”Veien ut av psykisk lidelse” utgitt på Cappelen Forlag.
– Studiet har utvikla skriveeigenskapane mine og vist meg korleis eg skal byggje opp ei oppgåve. Eg har lært å vurdere forsking, noko som er svært viktig i arbeidet med internasjonale rapportar og oppdrag både internasjonalt og nasjonalt. Etter kvart vil eg også skrive kronikkar, og då er samfunnsperspektivet eit godt fundament. Det meste eg har lært, kan knytast direkte til kvardagen, avsluttar Marit Svisdahl.

Les meir om Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing

Del på