Ein smakebit av Høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dagen starta med fellessamling der elevane fekk orientering om Høgskulen i Volda, studietilbod, Universitet- og Høgskulesystemet og forskjellen på det å vere skuleelev og student. Deretter vart elevane delt i tre grupper ut frå studieretninga dei har valt, og hadde tre økter innan kvart fagfelt (detaljert timeplan finn du her).

_MG_5737

Kantinelivet såg ut til å vere populært blant ungdomsskuleelevane der dei fekk servert pizza og brus.

Fekk treffe lærarstudentar

Torfinn Stove Madsen og Olav Bøe Hunnes er to av elevane som nytte lunsjen i kantina. Dei er i den første gruppa som har valt studiespesialisering.

- Den første økta har vi snakka med førskulelærar- og allmennlærarstudentar. Førskulelærarstudentane fortalte korleis ein skal få barn til å lære, trivst naturen og leike i barnehagen. Lærarstudentane skildra kvifor dei valte denne utdanninga og kva ein må gjer for å bli allmennlærarstudent, fortel Torfinn.

_MG_5741elev

Torfinn og Olav synes det var kjekt å treffe førskule- og allmennlærarstudentar

 

 

Dei er begge einege om at det var interessant og at studentane var flinke til å orientere. Dei fekk også sjå ein biletpresentasjon med musikk til, og fekk inntrykk av at vidaregåande og høgskule ikkje er så forskjelleg frå ungdomsskulen.

- Eg skal bli lege, men eg synes det er interessant å vere her, seier Torfinn.

- Eg veit ikkje kva eg skal bli enno, så eg trur dette nye faget Programfag til val er svært nyttig for min del, seier Olav.

Teatersport og latter

Den andre gruppa har valt musikk, dans og drama. På slutten av dagen fekk dei treffe dramastudentar og delta i teatersport. Samlinga fant stad i teatersalen, der dramastudentane hadde laga eit opplegg med fleire ulike aktivitetar. Først ut var ei oppvarmingsrunde for å engasjere og lausrive elevane. Elevane skulle då følgje instruksar frå dramastudentane som ”Tre nasar mot kvarandre”. Deretter var det tautrekking utan tau, spegelbilete-dramatisering, sirkeldramatisering og stolleik. Latteren satt laust i lokalet, og både elevar og studentar såg ut til å finne tonen.

 

 _MG_5815_magasin

Sirkeldramatisering der elevar og studentar skulle dramatisere det same som sidemannen. Det var nokså ulike uttrykksformer frå første til sistemann...

 

 

Medie- og kommunikasjon

Den tredje gruppa hadde valt medium og kommunikasjon som si studieretning. Ragnhild Vikestrand er ei av elevane på denne gruppa, nett fordi ho kan tenke seg ei utdanning innan dette fagfeltet.

- I den første samlinga fekk vi sjå gamle reklamer. Gunnar Strøm, lærar på mediefag, fortalte om film og korleis det blir laga. Det var spennande. Eg har lyst å gjere noko innan animasjon, og reklamefilmane vi fekk sjå var animerte. Det var nyttig det vi fekk sjå, og eg gler meg til resten av dagen. Vi skal lære om nye medium og treffe Media, IKT og design studentar.

 

_MG_5742_magasin

Ragnhild Vikestrand fekk sjå ulike utdanningsvegar innan media denne dagen 

 

 

På fredag er det elevar frå Ørsta ungdomsskule som skal få oppleve Høgskulen. Det er i forbindelse Karriereprosjektet at elevane tek del i undervisning. Gjennom faget Programfag til val skal denne dagen vere ein del av karriererettleiinga i åra framover. Du kan lese meir om Programfag til val her.

Del på