Eit sterkt møte mellom fortid og notid

Dei to siste dagane har det vore storinnrykk av gjester frå Japan i samband med seminaret ”The Little Boy Of Hiroshima”. Miyoko Matsubara, ei av dei få gjenlevande frå bombinga den 6. august 1945, fortalde mellom anna om si oppleving under og i tida etter bombinga. Hiroshima Peace Memorial Museum har oversendt ei utstilling i høve seminaret der ein kan studere verknadane av atombombene.

Seminaret hadde eit variert og spennande program med innslag av kultur, forsking og historie.Dei frammøtte fekk sjå teiknefimen Pikadon, høyre innlegg frå direktør Geir Lundestad ved Det norske nobelinstitutt, direktør Koichiro Maeda ved Hiroshima Peace Memorial Museum, dekan og forskingsleiar Nori Nakamura ved Genetics of Radiation Effects Research Foundation in Hiroshima, og Ole Danbolt Mjøs, leiar i Den norske nobelkomitè. Onsdag kveld var det minnekonsert i Volda kyrkje med Asian Wings og Volda Vokal. Asian Wings vart leidd av Masahiro Saeki frå Hiroshima.

Utstilling med ny design
Direktør Koichiro Maeda presenterte fredsmuseet og fortalde om utstillinga som seminaret har fått oversendt. Utstillinga blir nytta rundt om i verda og er vist for første gong i Noreg.

– Vi har i ei tidleg fase tenkt på ulike løysingar når det gjeld stad og form. Vi har valt å ha utstillinga i Berte Kanutte-huset, og montert den på to utstillingsvegger. Eg har tilpassa plakatane til veggene, der både format og design vart endra. Bodskapen og stort sett også rekkjefølgja i den opphavlege utstilliga vart bevart. Eit viktig poeng er at utstillinga skal bli lagt merke til, og eg har derfor lagt opp til ein ”eye-catcher” på ein av veggene. Med god hjelp frå Sissel Midtlid vart utstillinga plassertog i rommet saman med andre visuelle element. Vi har også fått god hjelp til å montere utstillinga av Iulia og Louis, våre internasjonale medarbeidarar på Internasjonalt kontor og Pangaia, fortel Thomas Lewe.

Utstillinga er laga av fredsmuseet og illustrerer atombombene over Hiroshima og Nagasaki. Thomas Lewe ved Avdeling for mediefag har laga ny flott design.

– Ein del av utstillinga er ein foto-collage av to tre frå Nagasaki. Eitt er fotografert direkte etter bombinga, medan det andre er teke i notida og har overlevd bombinga, men med djupe arr. Det kan tolkast som eit symbol for møtet mellom fortid og notid, seier Thomas Lewe.

Vellykka seminar
Det var første gong eit slikt seminar vart arrangert i Noreg. Prosjektleiar for seminaret og utstillinga, Gunnar Strømved Animasjonsutdanningen, er godt nøgd med eit vellykka arrangement.

– Takka vere Tengyo Kura og Arnljot Løseth har vi fått oppretta kontaktar med toppfolka innanfor både historia kring Hiroshima og fredsforsking. Eg er stolt over å kunne arrangere dette på Høgskulen i Volda, seier Gunnar Strøm.

Foto: Eirik Gilje

Del på: