Eksamensfilm frå HVO slo Heftig og Begeistret

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Balanse var ein av eksamensfilmane frå studiet i Fjernsynsreportasje og Dokumentar ved Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda.

Regissørane Sverre Galgum og Jan Frode Johannesen fekk toppkarakterar då dei gjekk opp til eksamen med Balanse i fjor. I mellomtida har dei arbeidd meir med filmen som TV2 vil vise i beste sendetid. Filmen handlar om balanseartisten Tell Teigen frå Høyanger(1923 - 1958) som fekk arbeid i verdas størst sirkus. Han lengta etter den store kjærleiken, men måtte forlate dei han var glad i for å oppnå sin store draum. I filmen følgjer Teigen frå fabrikken i Høyanger til Amerika og "The greatest shov om earth"

- Studentane gjennomførte eit imponerande detektivarbeid både her i landet og i USA, for å fortelje denne gripande historia om lagnaden til denne gløymde norske sirkusartisten i verdstoppen. Filmen fortener absolutt denne prisen, seier Hans Martin Dypvik, som er fagleg ansvarleg for studiet.

Juryen la vekt på mystikken i skildringa av sirkusartisten. - Ein flott balanseakt mellom det rå og fiffinerte, var juryens konklusjon.

Pressebilde:
http://www.hivolda.no/melding/balanse.jpg

Del på