Etter- og vidareutdanning som eiga eining

Høgskulestyret vedtok på eit styremøte sist fredag at Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) ved Høgskulen i Volda skal organiserast som ei eiga eining direkte under høgskuledirektøren.

- Høgskulen i Volda (HVO) må i tida framover satse meir på etter- og vidareutdanning. Skal vi fylle vår funksjon som utdanningsinstitusjon i denne regionen,må etter- og vidareutdanning bli ein stadig viktigare del av verksemda vår, seier rektor Gunnar Stave. Til dette treng vi eit aktivt og initiativtakande organ. Høgskuleleiinga ser på KEV som ei strategisk viktig eining som både på eiga hand, og i samarbeid med avdelingane, skal utvikle nye tilbod/læringsarenaer innan sitt område.

Stave-A1
Høgskuleleiinga ser på KEV som ei strategisk viktig eining, seier rektor Gunnar Stave.

- Det er vesentleg at KEV på eiga hand også kan ta initiativ og ha dialog med eksterne aktørar og kunne setje i gang prosjekt i samarbeid med desse. I tillegg er det viktig at KEV får ansvar for arbeidet med informasjon og sal/marknadsføring av denne verksemda, seier Stave.

ValsoAU
Dette ser vi på som ei stor og spennande utfordring i samarbeid med med fagmiljøa våre, seier ansvarleg for KEV Signe Valsø.

- Vi er glad for vedtaket og ser på det som fornya tillit frå styret og leiinga ved høgskulen, seier Signe Valsø. KEV vil primært ha eit eksternt fokus, og vere oppteken av HVO sitt samfunnsmandat som kompetanseytar for regionen. KEV vil profilere HVO som aktør i denne marknaden. KEV ynskjer også å vere HVO sine "auge" og "øyre" ute i samfunnet og operere som kompetansemeklar i høve til regionen sine behov, avsluttar Signe Valsø.







Del på: