Evaluering av høgskulereformen

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dei viktigaste måla for høgskulereformen var desse:
· Skape større og sterkare fagmiljø
· Auka kontakt og samarbeid på tvers av tidlegare institusjonsgrenser
· Utvikling av ein sterkare felles utdanningskultur
· Betre høve til omstilling og utvikling av nye studietilbod
· Større kostnadseffektivitet
· Betre biblioteks- og IT-tenester
· Betre kvalitet på administrative tenester

Desse målsettingane blir drøfta både i forhold til einskilde utdanningsslag og i forhold til reformen som heilskap. Nokre hovudkonklusjonar kan oppsummerast slik:
· Organisatoriske koplingar kan gi positive fagleg effektar, men dette er ikkje eit resultat som kjem utan vidare. Reformen har skapt nokre slike effektar, men i dei tilfelle der organisasjonskulturar og tradisjonar er svært ulike, har denne gevinsten uteblitt så langt
· Reformen har ført til auka kontakt og samarbeid på tvers av tidlegare institusjonsgrenser, men potensialet for slikt samarbeid er langt frå utnytta
· Dei statlege styringssignala når det gjeld ein felles utdanningskultur er tvitydige. Denne målsettinga er ikkje nådd i særleg grad. Spenninga mellom akademiske og yrkesorienterte normer for fagleg arbeid er høgst nærverande. Det aukande talet på fagleg tilsette med doktorgrad og førsteamanuensiskompetanse, har ført til eit tydelegare skilje mellom sterkt forskingsmotivert personale med akademiske fagideal og den delen av personalet som held fast ved tradisjonelle normer for profesjons- og praksisorientert undervisning
· Det er klare teikn til ein pågåande akademiseringsprosess i høgskulesektoren. Det er fleire grunnar til dette, m.a. den nye felles lova for universitet og høgskular, felles stillingsstruktur for universitet og høgskular, integrasjonen mellom dei to sektorane når det gjeld studieovergangar, universitetssystemets normdannande kraft
· Administrasjonen ved dei nye institusjonane har blitt meir profesjonell, og samtidig meir formell og byråkratisk som følgje av at institusjonane har blitt større og fått strengare regelverk å forvalte når det gjeld budsjett- og rekneskapssystem og andre administrative tenester. Fleirtalet av fagpersonalet meiner at saksbehandlinga i administrative saker har blitt meir omstendeleg enn før
· Målet om å avlaste dei faglege personalet for administrative oppgåver synest ikkje å vere oppnådd
· Dei to administrative funksjonane som departementet eksplisitt ga uttrykk for skulle styrkast, bibliotek- og IT-tenester, er det store fleirtalet av personalet tilfreds med
· Stordriftsfordelane i sektoren som heilskap lar seg ikkje påvise. Det er fleire grunnar til dette m.a. nye krav til offentleg forvaltning som staten sjølv har definert, overføring av nye administrative oppgåver til høgskulane, dei to styringsnivåa som dei nye høgskulane har fått og som krev omfattande sakshandsaming

Kvalitetssikring av høgare utdanning
Sjølv om evalueringa av reformen er avslutta, er det ikkje slutt på evalueringa av høgare utdanning. Norgesnettrådet har fått i oppgåve å trekke opp nasjonale retningslinjer for permanent evaluering og kvalitetssikring av høgare utdanning. Auka satsing på nasjonal kvalitetssikring har vore ein internasjonal trend i 1990-åra. Hittil har norske universitet og høgskular stått nokså fritt i dette arbeidet. Dei har hatt eit generelt påbod om å evaluere eiga verksemd. No går vi mot ei ordning der Norgesnettrådet får eit operativt ansvar for eit nasjonalt kvalitetssikringssystem. Det er nedsett ei arbeidsgruppe som skal utarbeide eit utkast til opplegg for dette arbeidet i framtida.

I tillegg til utgreiinga frå denne arbeidsgruppa, vil Norgesnettrådet sette i gang tre evalueringsprosjekt i år. Høgskulen i Volda vil bli omfatta av eitt av dei, evalueringa av knutepunktfunksjonane. Dei to andre evalueringane gjeld ei samanlikning av hovudfagsutdanningar ved statlege høgskular og ei institusjonsevaluering av Universitetet i Tromsø. Det er også arbeid i gang for å planlegge ei evaluering av lærarutdanningane.

Evalueringa av knutepunktfunksjonane blir starta i haust, og skal bygge dels på eigenevaluering og dels på ekstern evaluering. Norgesnettrådet arrangerte ei oppstartkonferanse 12. august. Frå HVO deltok ein representant frå kvar av knutepunkta og studiesjefen. Det blir understreka at evalueringa har eit kontrollføremål og eit utviklingsføremål, og at evalueringsresultatet skal danne grunnlag for drøfting av retningslinjer og prinsipp for nye tildelingar og bortfall av knutepunktfunksjonar.


- rektor

Del på