Exit Volda. Neste stopp: Sydney, Australia.

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Rocken har kanskje «mist» ein musikalsk gåverik og virtous gitarist, men dei som likar opera, kan glede seg over eit nytt tilskot: Roger Sjøvold legg nemleg Ibanez-gitaren på hylla for å studere opera ved University of Sydney i Australia. Sambuar Bente Vik skal studere eitt år engelsk som det fjerde året i lærarutdanning si.

Intervjuet finn stad ein hustrig junidag med regn og kuling frå sørvest. Søndag 18. juni reiser Bente og Roger frå vår «grøne vinter» til ein monaleg grønare og meir solrik vinter «down under».

– Det er 300 soldagar i året i Sydney, seier Roger muntert, og legg ikkje skjul på at han gler seg til å reise.

Tre år i Volda
Bente og Roger har no vore tre år i Volda. Roger står per dato bokført med ei 2-årig musikkinstruktørutdanning (musikk storfag) og 10 vekttal drama. I tillegg til snart fullført 4-årig lærarutdanning, har Bente psykologi grunnfag frå NTNU.

be-ro

Studier i utlandet
Fjerde året i allmennlærarutdanninga er valfri, og fleire og fleire studentar gjer som Bente Vik og tek det siste året i utlandet.

– Engelskkursa eg skal ta i Sydney tilsvarar 20 vekttal, og med god hjelp frå høgskulen har eg fått sett saman kurs som kan godkjennast som fjerde året i allmennlærarutdanninga mi frå Volda, seier ho.

Roger Sjøvold skal i eitt år studere operarelaterte fag som m.a. «opera voice», «opera repertoire» ved University of Sydney.

– Studieopplegget tilsvarar 20 vekttal og kan nyttast i ein norsk cand. mag.-grad, forklarer han.

Kvifor kom de til Volda?
– Det var nok noko tilfeldig for min del, svarar Bente. Eg søkte på juss i Oslo og på lærarutdanninga i Volda. Då eg fekk tilbodet frå Volda, slo eg til. Men noko spesielle førestillingar om Volda hadde eg ikkje.

folk

Har tida i Volda svart til forventningane?
– Ja, det vil eg seie, svarar Roger. Eg fann fort ut at med alle dei kreative kreftene i studentmiljøet var det mogeleg å skape noko på eiga hand, å vere kreativ, ikkje berre passivt ta del i dei tilboda andre skaper.

Jesus Christ Superstar
Det han tenkjer på er sjølvsagt oppsetjinga av rockemusikalen Jesus Christ Superstar våren 1999. Roger Sjøvold tok inititativet og var primus motor for prosjektet som involverte over 40 studentar. Roger song sjølv hovudrolla, og oppsetjinga fekk strålande kritikkar.

– Eg vart svært positivt overraska over den velviljen og innsatsen medstudentane mine la for dagen, seier Roger. Orkesteret var veldig bra, og det var ikkje problem å få tak i nok songarar blant dei mange gode kora ved høgskulen.

Roger prøvde å setje opp rockeoperaen «Tommy» året etter, men fekk diverre ikkje løyve til det frå dei som sit på rettane til verket.

Studentmiljøet
Engasjementet blant studentane er noko som også Bente trekkjer fram. – I tillegg til det gode sosiale miljøet, er eg imponert over kor flinke studentane i Volda er til å skape, å få ting til å skje. Som eksempel peikar ho på studentveka, teaterveka i mars, alle konsertane og studentbandkveldar med «open mikrofon» der dei som vil kan utfalde seg musikalsk

studorg
Studentmiljøet i Volda er godt, og
studentane i Volda er blant dei mest
aktive i lande når det innan studentpolitikk,
frivillig organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar.


Drama og Teaterveka 2000
Begge var med aktive under Teaterveka 2000, og begge hadde roller i stykket «Orkesteret», eit skodespel om livets mange kompromiss, avstanden mellom dei store draumane og det vesle mange eigentleg får gjort her i livet.

Handlinga er lagt til ein kurstad for menneske med forstopping(!). Orkesteret på staden er samansett av seks høgst ulike kvinner og en mannleg pianist. Seks ulike personlegdomar og ikkje minst problem, heilt frå det banale og daglegdagse til det meir tragiske og intime.

– Eg spelte pianisten Leon, smiler Roger. Leon er ein patetisk figur dradd mellom to kvinner, ei sjukeleg kone og den kvinnelege cellisten i orkesteret.

Bente spelte Pamela, ei frustert åleinemor med ein travel kvardag og mange mislukka kjærleiksforhold.

Drama i lærargjerninga
– Drama har gitt meg eit nytt syn på læraryrket. Du kan knyte det til alt. Personelg har eg blitt mykje meir trygg på meg sjølv i klasserommet som ein følgje av dramaundervisinga. Eg meiner difor at det er «skammeleg» at studentane no ikkje kan velje drama som valfag i lærarutdanninga, seier Bente engasjert.

Undervisninga
Kva med det faglege utbyttet elles?
– Veldig varierande, seier Bente. Det er vanskelig å peike på noko spesielt negativt, men kvaliteten på lærarkreftene varierer mykje. Ho er likvel veldig godt nøgd med lærarane på drama og engelsk, og nyttar høvet til å rose Kjell Holby på Engelsk institutt. – Han har hjelpt meg kollosalt med å få laga eit tilpassa opplegg for meg i Australia, seier ho entusiastisk.

Intervjuet er slutt. Dei hastar vidare til pakking og flytting. Vi kan berre ønskje dei lukke til «down under».

Per Arne Brandal

Del på