FAGDAG FOR ØVINGSLÆRARAR
Sjå programmet for Fagdag for øvingslærarar som Avdeling for lærarutdanning skipar til torsdag 15. november.
FAGDAG FOR ØVINGSLÆRARAR VED ALU TORSDAG 15.11.01
Fellesdel for alle øvingslærarane i rom 204 (gamle festsal):
09.00 – 11.30:
”Praktisk matematikk” v. universiteslektor Nils Kristian Rossing, NTNU.
- problembasert læring
- mønster i kunst og kultur
- ”gummistrikkgeometri”
Rossing er til dagleg knytt til ”Skolelaboratoriet for matematikk, naturfag og teknologi” v. NTNU og ”Vitensenteret i Trondheim”.
Forfattar av boka ”Den matematiske krydderhylle – smakstilsetning for matematikkundervisning i skolen”. Oppteken av å få oss til å oppdage matematikken i omgjevnadene og å sjå praktisk nytte av matematikk.
11.30 – 12.00:
Matpause med enkel servering på lærarrommet.
Øvingslærarane på småskule- og mellomsteget i rom 109:
12.00 – 16.00:
”Grunnleggjande lese- og skriveopplæring”, v. 1. amanuensis i norsk Kjell-Arild Madssen, HVO.
- Vert vi stadig dårlegare lesarar ? Orientering om nyare forsking
- Status på barnetrinnet
- Lese og skriveopplæringa i lærarutdanninga: Korleis kan den verte betre ?
Øvingslærarane på ungdomsteget i rom 204: (Gruppearbeid i rom 210)
12.00 – 16.00:
”Stopp masinga !” – eit utviklingsprosjekt innan helsefremjande arbeid i ungdomsskulen, v. Eyvin Bjørnstad, avd. helsefag, Høgskolen i Vestfold.
”Stopp masinga !” er eit undervisningsopplegg for ungdomsskulen der målet er å styrke elevane sin positive helseadferd. ”Stopp masinga !” er tenkt som eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt i skulen. Metodebruken er utvikla i samarbeid med ”Henær” senteret, Høgskolen i Vestfold, og byggjer på sosial kognitiv læringsteori.
Det vert utlevert kursmateriell i form av lærarrettleiing, magasin samt anna støttemateriell. Viktige stikkord: Elevdeltaking, ansvarslæring og samarbeid skule – heim.