Fagerli Sæthren lagar dokkefilmstudio

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter mykje planlegging, mange søknader og ein Amanda-pris i klassa for kortfilm i august, har Fagerli Sæthren no endeleg fått tid og høve til å starta arbeidet.

- Det er veldig, veldig kjekt. Men det er slitsamt òg, seier Linda Fagerli Sæthren til avisa Møre.

Saman med ein annan animatør, som òg har gått animasjonslinja ved Høgskulen i Volda, vil dei snart laga dokkefilmar saman i dette studioet.

 janus

  Frå Amanda-pris kortfilmen "Janus"

 

 

Mykje å gjera

Tidlegare i i år har Fagerli Sæthren undervist ved animasjonslinja på høgskulen. No er det oppbygginga av dokkefilmstudioet som vil ta tida hennar.

- Eg treng kamera, lyssettting, lamper og datamaskiner med enormt mykje digital lagringsplass for alle bileta. No har eg kjøpt digitalt spegelreflekskamera, for då vert det mykje billigare å produsera filmane, fortel ho til Møre.

Innovasjon Noreg gir dei støtte til etableringa av studioet.

Praksis for studentar

Men kvifor vil dei byggje opp eit studio midt i Volda? Fagerli Sæthren fortel at husleiga er billigare her enn i Oslo, i tillegg til at det er koseleg og personleg i Volda.

Tilknytinga til fagmiljøet ved Høgskulen er òg utruleg viktig. Ho likar godt å bli kjent med dei nye studentane ved animasjonsfilmlinja.

- Eg har alt fått spørsmål frå studentar om å få ha praksisen i studioet vårt, fortel Fagerli Sæthren, som meir enn gjerne vil hjelpa studentane med å bli flinkare til å lage dokkefilm.

 

LINDA                                        

 

Del på