Fagprofilen ved HVO
Departementet er opptatt av profilering og sa at HVO må tenke profilering både for høgskulen som heilskap, for profesjonsutdanningane og for fagutdanningane.
I sitt interne informasjonsblad understrekar rektor Gunnar Stave at profilering ikkje betyr at vi prioriterer ned fagutdanningane. Desse utdanningstilboda står godt til våre sentrale profesjonsutdanningar innanfor mediefag, lærarutdanning, sosialfag og kommunalfag. Han skriv vidare at kombinasjonen av profesjonsutdanningar og fagstudier blei vurdert positivt, og det blei understreka at fagutdanningane er interessante i samanheng med den nye modellen for allmennlærarutdanninga
Kyrkjefaga
Departementet såg på fagmiljøet og utdanningane i kyrkjefag som heilt spesielle for HVO og som eit område vi burde profilere og jobbe aktivt sjølv om ein slit noko med rekrutteringa til desse studia.
Fagprofil og nye studietilbod
Departementet hevda at dei ikkje alltid finn samsvar mellom prioriteringane våre og det vi set opp som ønskeliste i budsjettet når det gjeld nye tilbod. Representantane frå KUF råda høgskulen til å vere meir profilerte.
Vernepleieutdanning
Det skal opprettast 237 nye studieplassar til vernepleiarutdanning.
- Med den bakgrunn og fagprofil HVO har når det gjeld sosialutdanning, kan vi vere ein aktuell institusjon for ei ny vernepleiarutdanning, seier Stave.