Festskrift og rosande omtale

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Artikkelsamlinga er ein hyllest til Ottar Berge i høve 65-års dagen.
Ottar Berge har gjennom dei siste 25 åra bore hovudansvaret for dei praktisk- kyrkjefaglege faga ved den kyrkjefaglege utdanninga ved Høgskulen i Volda. Han har gjort ein pionerinnsats på dette feltet, først innanfor ei 2- årig utdanning i kristendomskunnskap og kyrkjelydsarbeid, og sidan i vidareutviklinga av denne til 4-årige studier for både kateketar og kyrkjeverjer.


Berge

I 1980-åra var han ei sentral drivkraft i arbeidet med å få etablert ei fullstendig kateketutdanning. Ei slik satsing gjorde eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda og Volda lærerhøgskule naudsynleg. På 1990- talet, etter at dei to høgskulane vart slått saman til Høgskulen i Volda, kunne dei to kristendoms- og kyrkjefaglege miljøa samlast i eitt institutt. Denne konteksten gav Ottar Berge høve til enno ein gong å spele ei aktiv rolle i å utvikle eit kyrkjefagleg profesjonsstudium, nemleg kyrkjeverjeutdanning. Han representerer såleis, ja nærast personifiserer langt på veg, det særeigne kyrkjefaglege miljøet ved Høgskulen i Volda.

Når det gjeld sjølve undervisninga har Ottar Berge arbeidd mest med det pastorale og religionspedagogiske sida av det kyrkjefaglege feltet. Likevel er innsatsen og engasjementet hans, gjennom både initiativ og planlegging, uttrykk for det meir omfattande kyrkjefaglege utdanningsprosjektet instituttet står for : å gje nye faglege bidrag til profesjonaliseringa av dei kyrkjelege arbeidsoppgåvene.

Festskriftet

Festskriftet som vart tildelt Ottar Berge,kan fordelast på tre hovudfelt. Hovudfelta er i samsvar med viktige liner i den kyrkjefaglege profilen som Høgskulen i Volda representerer.

Del 1: Skule og kyrkje, undervisning og oppseding
Den første delen samlar bidrag med religionspedagogiske emne, innanfor både kyrkje og skule. Eitt nærliggjande fokus er KRL- faget, som representerer eit nytt og utfordrande grensesnitt mellom skule og kyrkje. Dette aktualiserer også spørsmål omkring kyrkja si dåpsopplæring.

Del 2:Kontekst og kommunikasjon, forkynning og misjon
Den andre delen tek opp ulike sider ved den kommunikasjonssituasjonen kyrkja opplever i samtida. Det gjeldkyrkja sitt forhold til moderne mediateknologi og journalistikk, spørsmålet om å gjere den sentrallutherske læra om lov og evangelium tidsaktuell, og endeleg gjeld det den kristne misjonens erfaringar med kulturmøte og kulturskifte.

Del 3: Kyrkjestrategiske og praktisk- teologiske utfordringar før og no
Denne delen handlar om kyrkjestrategiske og praktisk- teologiske utfordringar i både fortid og samtid.
Ein dominerande kyrkjestrategisk tematikk knyter seg til spørsmåla omkring statskyrkjesystemet og organiseringa av folkekyrkja. Folketru og folkereligøsitet, kort sagt folkeleg livstyding, representerer ei ståande praktisk- teologisk utfordring for kyrkja. Dette er mellom anna tema i denne bolken av festskrivet.

Per M. Aadnanes og Jan Ove Ulstein, begge tilsette ved HVO,har vore redaktørar for festskrivet.



Del på