Fiber til studentheimane

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Studentheimane var tidleg ute med dataoppkopling på hyblane, og allereie hausten 1996 kunne Voldastudentane sitje på eigen hybel og surfe på internett.

I desse dagar avsluttar vi ei kraftig oppgradering av datanettet. Studentheimane og høgskulen har inngått ein avtale som sørgjer for at nettet vert oppgradert frå "eit gammaldags" litt raskare enn ISDN samband, til eit fibersamband med ein kapasitet på 1Gbit. Flaskehalsen kan verte sambandet inn til høgskulen, men målingar viser at der framleis er ein del å gå på.
Bravida har lagt fiberkablar og monterer i desse dagar switsjar som gjer kommunikasjonen mogleg. 10.september skal alt vere oppe å gå. Frå den dagen vil studentane på studentheimane få ein heilt annan "datakvardag" med eit svært raskt internettsamband.
Internettoppkoplinga på studentheimane vil framleis vere gratis!!


Samstundes som denne oppgraderinga skjer, vil telefonsentralane på studentheimane verte kopla opp i eit VIP nett mot m.a. høgskular i Møre og Romsdal og Trøndelag. Ved å vere kopla opp i VIP nettet kan ein bruke eit femsifra internnummer til dei andre som er kopla i nettet, og få ein lavare telefonkostnad. Vi har stor tru på at også dette vil verke positivt inn på kvardagen og økonomien til studentane som bur på studentheimane.

Del på