Fjernundervisningstilbodet i høgre utdanning
Sentralorganet for fjernundervisning på universitets- og høgskulenivå (SOFF) legg i desse dagar fram ei utgreiing om utviklinga av fjernundervisningstilbodet fram mot år 2005.
Rapporten drøftar korleis vi systematisk bør arbeide for å utvikle eit heilskapleg fjernundervisningstilbod. Blant forslaga merkar vi oss følgjande:
· alle dei mest sentrale allmennfaga skal leggast til rette for fjernundervisning
· dei fleste profesjonsutdanningar bør gjerast tilgjengelege som kombinerte desentraliserte opplegg med fjernundervisning. Dette gjeld t.d. allmennlærarutdanning, førskulelærarutdanning, barnevernspedagogutdanning og sosionomutdanning
· profesjonsretta vidareutdanningar bør tilretteleggast som fjernundervisning/fleksible studietilbod
· sterkare satsing på brukarorienterte fjernundervisningstilbod tilpassa kompetansebehovet i det private næringslivet og offentleg sektor
· etablering av lokale studiesentra som lokale forankringspunkt for formidling av fleksible utdanningstilbod. Sentra skal definere lokale opplæringsbehov, og hjelpe lokale verksemder med kompetansemegling d.v.s. analysere kompetansebehov, organisere eit lokalt læringsmiljø, støttefunksjonar i samband med bruk av nettbaserte tilbod o.l.
· organisere eit nettverksuniversitet! Rapporten seier at mangelen på arbeidslivsorientering ved dagens universitet og høgskular er kjernepunktet i innspelet frå NHO om eit ope universitet. Utgreiingsgruppa argumenterer altså for at eit nettverksuniversitet med utgangspunkt i dagens universitet og høgskular er ei betre løysing, men det er ei løysing som krev at universitet og høgskular blir meir arbeidslivsorientert
Rapporten er eit spennande innspel i debatten om utdanningsstrukturen i framtida, og kastar eit kritisk lys inn over vår eiga strategiske tenking. Skal vi vere med på denne utviklinga? Rapporten er i alle høve sendt ut på høyring.
-rektor