Folk i farta

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Ei gruppe frå pedagogikkseksjonen ved ALU er denne veke i Finland på den 26. årlege kongressen til Nordisk förening för pedagogisk forskning. Tema for forskingskongressen er: Värden förändras - förändras pedagogiken. Kritisk evaluering av utbildning och pedagogik.
Frå HVO deltar Lidveig Bø med eit paper med tittelen Students working part-time , og Peder Haug med paperet Formulation and realisation of social justice: The compulsory school for all in Sweden and Norway. På veg til Finland stoppar gruppa i Stockholm for å gjere seg kjend med situasjonen i det svenske skuleverket.

Reidun Aambø var norsk utsending til European seminar: Euromobility i Boppart i Tyskland 27.2 - 1.3. Dette var eit seminar i EU-regi og som EU finansierte. Reidun orienterte om utdanningsopplegg for utanlandske studentar i Noreg.

-rektor

Del på