Folk i farta

Vi gjer feil, men har vilje til å rette dei opp. Då det sist blei meldt om pedagogikkseksjonen sin turné til Lathi, kom vi i skade for å gløyme at Einar Muren presenterte eit paper med tittelen Knowledge Development in School Organization: A Leardership Challenge. Paperet blei presentert søndag morgon, men hadde god deltaking blir det meldt frå Lathi.

Vi har fått ei flott melding som viser at folk med tilknyting til HVO også har gjennomslag internasjonalt. Peter Burgess har vorte utnemnd til «Jean Monnet Postdoctorial Fellow» ved European Institute i Firenze. Han skal arbeide med eit prosjekt med tittelen Nasjonalspråk - rett - europeisk identitet. Gratulerer!

Jon Olav Myklebust deltok i mars på ei konferanse i Coventry i England omkring temaet Case Study Research in Education. Her presenterte han paperet Comparative Case Studies - Experinces from Norwegian Educational Sociology.

Gunnar Strøm deltok på ei animasjonskonferanse i Southampton i England i april om animasjonsfilmens historie. Gunnar sitt tema var Norwegian Animation of the 20s and 30s.

-rektor

Del på: